Øyvind Reed Ole Petter Humborstad foto Ogne
TEK TID: Styreleiar Øyvind Reed (t.v) og dagleg leiar Ole Petter Humborstad håpa i august 2021 på ei avklaring om Ecobait sine fabrikkplanar hausten 2021, men prosessen har dratt ut i tid. Arkivfoto: Ogne Øyehaug
Nytt

Ecobait henta over 17 millionar

Avgjerd om fabrikk for agnselskapet i Måløy kan bli tatt etter sommarferien.

02.07.2023

Ecobait blei etablert i 2013, og har fram til no vore eit selskap som har arbeidd med forsking og utvikling.

Utvikling av eit agn som både skal få fisken til å bite og gi pengar i kassa for Ecobait har tatt lenger tid enn venta. Målet er mellom anna å lage agn av norsk råstoff i staden for å importere råstoff frå utlandet.

I ein presentasjon av selskapet i august 2021 var bodskapen at selskapet skulle ta stilling til fabrikkplanar seinare på hausten.

Aksjonærane stilte opp
Så kjapt skulle det ikkje gå, og i 2021-årsmeldinga fortalde selskapet at eigarane garanterte for vidare satsing etter nytt å med underskot og negativ eigenkapital.

Den garantien har dei stått ved. 2022-årsmeldinga viser at Ecobait har henta inn 17,4 millionar kroner i ny eigenkapital.

Selskapet har 20 eigararar ifølgje bedriftsdatabasen proff.no, mellom dei ei rekkje fiskebåtreiarlag, som også har vore med i arbeidet med å utvikle agn og produksjonsmetodar.

Etter det NETT NO erfarer det berre eksisterande aksjonærar som var med på emisjonen. Største aksjonær, selskapet Fiskernes Agnforsyning, auka sin eigarandel i emisjonen. Truleg vil selskapet ta stilling til ei fabrikketablering i Måløy etter sommarferien.

Offentleg støtte
Inntektene til Ecobait har hittil i hovudsak vore offentleg støtte.

I fjor hadde selskapet 14,9 millionar kroner i driftsinntekter. 8,4 millionar var offentlege tilskot, 6,1 millionar kroner kom fra sal av FOU-tenester mm. ifølgje rekneskapen.

NETT NO har ikkje lukkast å få kontakt med styreleiar Øyvind Reed og dagleg leiar Ole Petter Humborstad.

Ecobait as
Tal i mill. kroner20222021
Driftsinntekt14,912,0
Driftsresultat-1,2-2,5
Resultat før skatt-1,3-2,6

Publisert: 02.07.2023 05:00

Sist oppdatert: 03.07.2023 08:09

Mer om