Eigarane går inn med nye pengar
Tøft år for Stadyard-verftet i fjor.
Forlik om fiskebåten Fay og ekstrakostnadar i samband med konkurs i skipsdesignelskap var med på å drage lønsemda ned i skipsverftet Stadyard i fjor (sjå tabell under).
Etter underskotet i fjor har eigarane bestemt seg for å gå inn med ny kapital, men har førebels ikkje avgjort kor mykje, seier dagleg leiar og storaksjonær Agnar Lyng til NETT NO.
Forlik etter forlis
I fjor inngjekk eigarane av fiskebåten Fay, Kenfish II, og Stadyard eit ikkje talfesta forlik.
Fay forliste i Barentshavet 28. desember 2019 og fiskebåtreiarlaget Kenfish II meiner verftet Stadyard og skipsdesignselskapet Seacon må bere ansvaret for forliset og skulle betale erstatning.
Forliket i fjor sette punktum for striden.
Designkonkurs og forseinking
Fiskebåten Arntind vart også eit problemprosjekt for Raudeberg-verftet i fjor.
Designselskapet som teikna båten, gjekk konkurs omlag i det skroget kom til verftet. Dei måtte difor ta mykje av designarbeidet på eiga kappe.
Båten vart levert i sommar, men Stadyard har vald å bokføre heile prosjektet i 2022-rekneskapen.
Stadyard As | ||
Tal i mill. kroner | 2022 | 2021 |
Driftsinntekt | 207,6 | 313,7 |
Driftsresultat | -11,9 | -2,4 |
Resultat før skatt | -11,9 | -2,2 |
Publisert: 25.08.2023 16:12
Sist oppdatert: 25.08.2023 16:37