Solstrand Verft 2023 Foto Solstrand Verft 22
SOLSTRAND: Verftseigar Tore Rekdal vil investere meir på Solstrand Verft, men risikoen for krav om giftopprydding, skapar usikkerheit. Foto: Solstrand Verft
Nytt

Vil investere meir på Solstrand

Verftseigar har snudd skuta – men plagast av usikkerheit kring giftopprydding.

Marius Rosbach
11.08.2023

Etter ein økonomisk snuoperasjon og plussresultat i 2022, er Solstrand Verft-eigar Tore Rekdal klar for å investere meir ved det tradisjonsrike verftet i Tomrefjorden.

Verftet har to flytedokker i arbeid, den eine på 100 meter og den andre på 60 meter. No har Rekdal planar om bygge nytt kaianlegg og flytte den eine dokka, slik at den kan nyttast til løft inn i hallen.

– Vi har bygd opp økonomien til å klare eit slikt løft og det vil gi oss ein anna og enklare arbeidskvardag. Verftet er rusta opp ganske kraftig dei siste åra, og vi er i ein god posisjon for å auke aktiviteten, fortel Rekdal til NETT NO.

Fryktar kjemperekning for giftopprydding
Risikoen for å sitte att med ei kjemperekning for å rydde opp i fjordbotnen, gjer at Rekdal likevel kvir seg for å ta ei avgjerd om å investere.

Bakgrunnen er at 13 skipsverft i Møre og Romsdal har fått pålegg om å lage ein tiltaksplan, for å finne ut kva som skal gjerast med forureina sjøbotn ved eigedomane.

Kven som skal ta rekninga i etterkant, er førebels uklart. Men både verfta sjølv, bransjeorganisasjonar og endatil politikarar frå regjeringspartia, har teke til orde for at staten må hjelpe til.

– At den saka ikkje er avklart medfører stor usikkerheit. Om vi får heile rekninga, så har vi ingen framtid, slår Rekdal fast.

Kan koste 50-100 millionar
Rekdal er også kritisk til at berre nokre verft har fått pålegg – og minner om at drifta har vore lovleg heile vegen.

– Dessutan er det eigentleg reiarane sitt avfall. Men staten går etter dei som har minst musklar til å kjempe i mot, meiner verftseigaren.

Det er anslått at den totale oppryddingsjobben kan kome på mellom 50 og 100 millionar for kvar av verfta. Det høyrer med til historia at alle verfta har protestert mot at dei må ta rekninga.

Har musklar til å investere
Rekdal har igjen handa på roret, etter at tidlegare dagleg leiar Wilhelm Eggesbø starta i Vard-konsernet i fjor.

Konserntala til Rekdal Group viser ein nedgang i inntektene frå 2021 til 2022 til kring 75 millionar. Resultatet før skatt blei samtidig snudd frå minus knappe to millionar – til pluss åtte millionar.

Eigenkapitalen ved utløpet av fjoråret var på 41 millionar kroner og langsiktig gjeld var på 1,9 millionar. Konsernet si evne til finansiere investeringa på eiga kappe, er dermed god, skriv styret i årsmeldinga.

I tillegg til Solstrand Verft, består konsernet av fire andre selskap som driv med eigedom og utvikling. Tore Rekdal sjølv alle aksjane i selskapet.

Rekdal Group As
Tal i mill. kroner
2022
2021
Driftsinntekt
75,1
80,8
Driftsresultat
7,4

-1,9

Resultat før skatt
8
-1,9

Publisert: 11.08.2023 05:00

Sist oppdatert: 10.08.2023 18:40

Mer om