Fiskerstrand verft montasje magne standal foto marius 11
UTFORDRANDE SITUASJON: To av trålarane som administrerande direktør Magne Standal ved Fiskerstrand Verft har hatt til kai dei siste vekene, er i søkelyset grunna sanksjonane som følge av Ukraina-krigen. Foto: Marius Rosbach
Nytt

Ein av to russertrålarar har reist frå verftet

Den andre kjem seg ikkje frå kai.

Marius Rosbach
21.03.2022

Trålaren Belomorsk segla søndag frå Fiskerstrand Verft etter å ha uvbrutt verkstadopphaldet, ifølgje NRK Møre og Romsdal.

Fiskefartøyet sette kursen nordover og var tidleg måndag utanfor kysten av Trøndelag, ifølgje AIS-sporinga.

Har venta på avaklaring
Før helga venta verftet på svar om kva for sanksjonar som gjeld for dei to russiske trålarane, Belomorsk og Kem, som skal ha vore eigd av den russiske politikaren Igor Zubarev.

Administrerande direktør Magne Standal fortel til kanalen at dei oppmoda om at skipet ikkje blei flytta, før dei hadde fått svar frå norske styresmakter.

– Dei har nok vore ukomfortable med situasjonen, så dei avbraut verkstadopphaldet her hos oss, seier han til NRK.

Den andre trålaren framleis til kai

Zubarev står på EU sin sanksjonsliste, men etter sanksjonane blei kjent, skal dei russiske trålarane ha fått ny eigar.

Den andre trålaren kjem seg ikkje frå kai, ettersom roret er demontert.

Arbeidet om bord på fartøya er stoppa, og Standal fortalde til NETT NO før helga, at verftet synes det gjekk tregt med å få ei avklaring.

Innførte omfattande sanksjonar
Regjeringa innførte før helga omfattande sanksjonar mot Russland, som tilsvarer sanksjonane EU har innført.

Sanksjonane trådde i kraft med ein gong og meir informasjon er lagt ut på nettsidene til regjeringen.no.

Regjeringas Ukraina-plan inneber òg ei støtteordning for norske bedrifter som blir ramma av sanksjonane mot Russland.

Publisert: 21.03.2022 07:39

Sist oppdatert: 21.03.2022 08:26

Mer om