Fiskerstrand verft montasje magne standal foto marius 11
UTFORDRANDE SITUASJON: Administrerande direktør Magne Standal ved Fiskerstrand Verft veit ikkje når dei får ei avklaring om kva sanskjonar som gjeld for dei to russiske trålarane. Foto: Marius Rosbach
Nytt

– Bedriftene kjem i ingenmannsland

Fiskerstrand Verft synest det går tregt med avklaringa frå styresmaktene om dei to russiske trålarane.

Marius Rosbach
17.03.2022

Eigaren til to russiske trålarar som ligg til kai ved Fiskerstrand Verft i Sula, er i søkelyset fordi han står på den internasjonale sansksjonslista som følgje av krigen i Ukraina.

Verftet sitt arbeid om bord på dei to trålarane blei stoppa med ein gong dei blei klar over situasjonen i førre veke. Torsdag ventar administrerande direktør Magne Standal framleis på ei avklaring frå Utanriksdepartementet (UD) om kva sanksjonar som gjeld.

– Eg synest det går litt tregt, sjølv om eg har forståing for at det er eit stort stykke arbeid som skal gjerast, fortel Standal til NETT NO.

Må gjere eigne tolkningar
Verftsdirektøren har fått opplyst at UD har ein rekke saker til behandling i samband med sanksjonane. Han har ikkje fått noko signal om kva tid dei kan vente seg eit svar.

– Vi kjenner på at det tek tid og vi bedriftene kjem i ingenmannsland. Vi må forsøke å tolke og gjere avveininger på eige hand, og det er ikkje så lett, legg Standal til.

Samtidig jobbar UD med å lage eit regelverk for sanksjonane, som truleg kjem før helga.

Venstre-politikar Ola Elvestuen er mellom dei som har vore kritisk til tempoet i styresmaktene sin innføring av sanksjonane. Partiet har også fremma eit forslaget til Stortinget om eit forbod mot å gi skip eigd eller kontrollert av personar knytt til Russland, høve til å gå innom norske hamner.

Eigarskapet endra dei siste dagane
Trålarane Belomorsk og Kem er eigd av den russiske politikaren Igor Zubarev, som er knytt til den russiske presidenten Vladimir Putin. Medan ein ventar på at sanksjonane formelt skal bli innført, har skipa ifølgje NRK fått ny eigar. Dei siste dagane er ein annan russar oppført som reell eigar.

Verftsdirektøren på Fiskerstrand har ikkje fått noko signal om kva som kan bli konsekvensane i saka. Men fortel at dei inntil vidare avventar situasjonen og lar vere å arbeide om bord.

֪– Det er ikkje mykje arbeid att på dei to båtane. Den eine kan han segle same dag han får klarsignal. På den andre står det att kring halvanna vekes arbeid, legg Standal til.

Få russiske oppdrag dei neste månadene
Verftet har i fleire tiår bygd opp solide kundeforhold til den russiske fiskeflåten. Tidspunktet for sanksjonsutfordringane kom likevel på eit høvesvis gunstig tidspunkt for verftet, som har få oppdrag i ordreboka frå Russland den næraste tida.

– Vi har ei hektisk periode med russiske kundar fram til påsketider, så er det gjerne roleg til sesongen startar igjen kring september. Utover hausten har vi ein del oppdrag, men innan då reknar vi med å ha fått ei avklaring, seier Standal.

Har godt å gjere ut året
Verftet har nok med oppdrag til arbeidarane ut året. Mellom anna er skjellsankingsskipet til Tau Tech under utrusting og ferja MF Karlsøyfjord blir bygd om frå LNG- til batteridrift.

Verftet skal også utføre siste del av ombygginga av cargobåten Hannah Kristina til LNG-drift, frå etter påske og til slutten av juni.

Publisert: 17.03.2022 13:28

Sist oppdatert: 17.03.2022 13:45

Mer om