Stoppa arbeid på russiske trålarar
To trålarar ved verftet eigd av russar på sanksjonslista.
Fiskerstrand Verft har hatt russiske kundar i fleire tiår, men krigen i Ukraina har skapt vanskar i forholdet til reiarlag frå nabolandet i aust.
To av trålarane som er inne ved Fiskerstrand verft er eigd av den russiske politikaren Igor Zubarev, som er knytt til den russiske presidenten Vladimir Putin, ifølgje NRK Møre og Romsdal.
Zubarev står på EU sin sanksjonsliste over personar som skal få fryst sine pengar og inndrege eigedelar.
Stoppa arbeidet
Administrerande direktør Magne
Standal ved Fiskerstrand verft fortel til NRK at verftet stoppa arbeidet
då dei blei klar over situasjonen.
Sanksjonane er ikkje innført i Norge enno, og den siste tida har skipa fått ny eigar, ifølgje kanalen.Verftsdirektøren erkjenner at det er utfordrande å vite korleis dei skal forhalde seg, men at dei forsøker å behandle alle kundar likt.
– Det er vanskeleg å vite, men vi prøver sjekke alt som kjem både av EU-direktiv og det USA kjem med av sanksjonslister, og sjekker desse. Norge har sagt dei skal følgje EU, påpeiker Standal.
Venstre vil innføre sanksjonar raskt
Venstre-politikar Ola Elvestuen meiner norske styresmakter brukar for lang tid med å innføre sanksjonane og at det burde vore teke beslag i verdiar og skip som er eigd av personar på sanksjonslista.
Venstre har fremma eit forslaget til Stortinget, der mellom anna Alfred Bjørlo frå Nordfjordeid, er forslagsstillar. I representantforslaget ber partiet regjeringa om å «vurdere eit forbod mot å gi skip som er eigd eller kontrollert av personar knytt til Russland, høve til å gå innom norske hamner, etter modell frå Storbritannia.»
Utanriksdepartementet opplyser til NRK at regjeringa jobbar på spreng med å innføre sanksjonane også her til lands.
Publisert: 15.03.2022 23:37
Sist oppdatert: 16.03.2022 06:50