Optimar varsler permitteringar
Usikkerheit som følgje av krigen i Ukraina gjer at 65 tilsette på Valderøya og Stette har fått varsel.
Optimar har sendt ut varsel om permittering for 65 tilsette i produksjonen på Valderøya og Stette.
Årsaka er usikkerheit som følgje av krigen i Ukraina og sanksjonar mot Russland, ifølgje NRK Møre og Romsdal, som først omtalte saka.
– Bildet veldig uoversiktleg
Lene
Flem Debess som leiar HR- og organisasjonsavdelinga, påpeiker til NETT
NO at det dreiar seg om eit generelt varsel og at dei ikkje veit kor
mange som eventuelt blir råka av permitteringar.
– Vi er påverka av sanksjonar og auka råvareprisar som mange andre. I dag er bildet veldig uoversiktleg og mange eksportbedrifter opplever dette som utfordrande, fortel ho.
Bedrifta leverer utstyr til fiskeindustrien både på land og til sjøs. Invasjonen har ført til uvisse i marknaden kring oppdrag framover. Optimar hadde i fjor nokre tilsette i serviceavdelinga ute i permisjon, men har elles hatt arbeid til selskapets 283 tilsette i Norge.
Storkontrakt i Russland
Mot slutten av 2020 opplyste Optimar at dei hadde sikra seg på i overkant av ein halv milliard kroner til åtte russiske fiskebåtar. Russiske fiskebåtreiarlag har vore inne i ei omfattande fornying av flåten, og Optimar skulle levere automatiserte fabrikkar.
NETT NO omtalte nyleg oppdraget
Optimar hadde om bord på det nye flaggskipet til det russiske
Okeanrybflot-rederiet. Georgiy Meshcheryakov er med sine 108 meter, den
største tråleren bygd ved Tersan-verftet i Tyrkia. Om bord har Optimar
levert den største filetfabrikken de har levert til en båt noen gang.
Etter to år med underskot gjekk Optimar med overskot i 2020, som er det siste offentlege rekneskapen. Betre prosjektstyring, streng kostnadskontroll og ein reduksjon i bemanninga - 25 i Noreg og 21 i Seattle i USA, blei oppgitt som årsak.
Selskapet er resultatet av samanslåinga av Optimar på Valderøya, Peter Stette i Skodje og Seaside på Stranda. Sidan 2017 har det vore eigd av det tyske Haniel-konsernet.
Publisert: 14.03.2022 14:50
Sist oppdatert: 14.03.2022 15:50