Per asle fiskerstrand magne standal fiskerstrand verft foto marius 11
GODT MED ARBEID: Før helga fekk Fiskerstrand Verft eit nytt oppdrag til kai. Sal- og marknadssjef Per Asle Fiskerstrand og administrerande direktør Magne Standal er godt nøgd med aktiviteten. Foto: Marius Rosbach
Nytt

Har jobb til alle ut året

50 arbeidarar er snart i sving med å bygge om Arctic Pearl. Fiskerstrand har også ei rekke andre oppdrag på gong.

Marius Rosbach
24.01.2022

Verftsleiinga ved Fiskerstrand Verft er nøgd med ordremengda om dagen og før helga fekk dei eit nytt ombyggingsoppdrag til kai.

Oppstartsselskapet Tau Tech skal bygge om eit tidlegare offshoreskip, til eit topp moderne haustingsfartøy for haneskjell i Barentshavet.

– Spennande teknologi
Om lag 50 arbeidarar på verftet vil snart vere i gong om bord på Arctic Pearl. Her skal dei mellom anna bygge på kring 210 tonn stål for å lage ein hangar med frysemaskinrom, fryselager, fabrikk og garderobe. Rett bak styrehuset skal også innhaustingsutstyr med vinsjar og bommar på plass.

– Det er veldig interessant for oss på verftet å vere med på eit slikt prosjekt, ikkje minst er det spennande teknologi som skal installerast, fortel sals – og marknadssjef Per Asle Fiskerstrand på verftet til NETT NO.

Arbeidet med Tau Tech-skipet skal halde fram til etter sommaren, då den skal ut på prøvefiske.

(saka held fram under)

Arctic pearl fiskerstrand verft foto marius 11
SKAL BLI SKJELLHAUSTAR: Namner Arctic Pearl er kome på skutesida. No skal det tidlegare offshoreskipet byggjast om til å hauste etter kampskjellarten haneskjell i Barentshavet. Foto: Marius Rosbach

Framleis kapasitet andre halvår

Dei siste åra har Sula-verftet satsa på oppdrag med ombygging og reparasjonar.

Talet på tilsette har vore stabilt på kring 115 tilsette det siste året. I tillegg blir det nytta innleigde arbeidarar i varierande grad etter oppdragsmengda.

– Vi er godt fornøgde og har jobb til kring nyttår for alle saman. Spesielt i første halvår har vi også ein del innleige. Men vi har framleis meir kapasitet, spesielt i andrehalvår, fortel administrerande direktør Magne Standal.

Vi er godt fornøgde og har jobb til kring nyttår for alle saman
Magne Standal
Nytt plussår i fjor

Standal seier det er for tidleg å opplyse om resultatet i rekneskapen i 2021, men stadfestar at det blei eit nytt år i pluss.

Året i førvegen - «pandemiåret» 2020 – ga nedgang for verftet. Omsetninga var då på 330 millionar – ein nedgang på kring 100 millioner frå året før.

Resultatet var likevel positivt og investering i ny og støre dokkk samme år har gjort at verftet kan ta fleire oppdrag. No kan verftet ha to større skip i dokka samstundes, mot to mindre før.

(saka held fram under)

Ferje karlsøyfjord fiskerstrand verft foto marius 11
STOR OMBYGGING: Ferja Karlsøyfjord til Boreal-reiarlaget er eitt av mange fartøy til kai. Ferja skal byggjast om frå LNG- til batteridrift og oppdraget er mellom dei største verftet har sikra seg i denne marknaden. Foto: Marius Rosbach

Bygger om Molde-Vestnes-ferje
Framover har verftet oppdrag med både trålarar, ferjer og lastebåtar. Ferja Karlsøyfjord er berre eitt av fartøya til kai for augneblinken.

– Ferja skal byggjast om frå LNG- til batteridrift og vere ferdig i juni, fortel Per Asle Fiskerstrand.

Saman med Tau Tech-oppdraget, er ferjekontrakten mellom dei største verftet har sikra seg på ombygging. Ombygginga gir også betydeleg med arbeid til Ålesund-bedrifta Acel og Sula-bedrifta Isowest.

Når arbeidet er ferdig skal Boreal-ferja inn på Molde-Vestnes-sambandet. Tidlegare er ferja om bygd på Fiskerstrand for å oppfylle krava til universell utforming.

Mange oppdrag for fiskeflåten
Ein russisk trålar er mellom det andre fartøya som ligg til kai for tida. Verftet har jamt med oppdrag frå både den norske og russiske fiskeflåten.

– Vi har oppdrag med 14 russiske fartøy og nokre norske i haust, seier Standal.

– Vi har også ein del norske trålarar både i vår og haust, i tillegg til vedlikehald på to ferjer og eit offshorefartøy no snart, legg verftssjefen til.

Seinare har verftet oppdrag med cargobåten Hanna Kristine, som går mellom offshorebasar som Tananger og Kristiansund.

– Vi starta arbeidet i haust og snart kjem dei tilbake for å fullføre ombygginga frå diesel til LNG-drift, fortel Per Asle Fiskerstrand.

Publisert: 24.01.2022 05:55

Sist oppdatert: 23.01.2022 23:28

Mer om