Ekornes: 190 kan misse jobben i Norge
Møbelkonsernet med nye kutt - opptil 700 tilsette i Asia må gå.
Ekornes reduserer verksemda i Norge, legg om aktiviteten i Asia og innfører nye tiltak for å handtere utviklinga med auka kostnader og mindre marginar.
Det opplyser selskapet i ei børsmelding onsdag.
Opptil 150 tilsette i produksjonen kan bli råka når møbelkonsernet reduserer verksemda i Norge.
Også støttefunksjonar og hovudkontoret kan bli redusert med opptil 40 årsverk - og dei fleste av desse vil vere norske tilsette.
Reduksjonane kjem i tillegg til dei 80 årsverka konsernet måtte kutte i fjor haust.
I Asia reknar Ekornes med å redusere med rundt 700 årsverk. Her vil
konsernet samle verksemda i Thailand, og legge ned i Vietnam.
Effekten av reduksjonane i Norge og Asia, er venta å få effekt i andre halvdel av 2023.
I tillegg til sine fem fabrikkar i Norge, har konsernet produksjon i USA og Litauen.
Brems etter koronaopptur
Ekornes har vore
gjennom ei historisk boom etter at pandemien slo til i 2020. No er
etterspurnaden på veg tilbake til nivået før pandemien.
- Kombinert med ein generell nedgang i den globale økonomien, gir dette negative effektar for Ekornes sitt sal og ordreutvikling, heiter det i meldinga.
Auka kostnader, spesielt på råvarer og transport, har påverka innteninga negativt både i siste kvartal i 2022, og inn i 2023.
For møte utfordringane vil konsernet mellom anna sette opp prisane meir, og redusere investeringar og indirekte kostnader.
Tilbake på nivået før pandemien
Roger Lunde som har vore konsernsjef gjennom oppturen dei siste åra, slutta nyleg i jobben.
Konstituert konsernsjef og finansdirektør Fredrik Ødegård Nilsen viser i ei pressemelding til at konsernet må tilpassa kapasiteten for å vere konkurransedyktige på sikt.
Reduksjonane vil skje i heile konsernet, og organisasjonen er venta å bli redusert tilbake til nivået før koronapandemien.
- Ekornes har lang tradisjon for å møte svingingar i marknaden. Vi har gjort det tidlegare, og gjer det no igjen for å halde oppe konkurransekrafta i selskapet, uttaler produksjonsdirektør Ola Arne Ramstad i meldinga.
Publisert: 04.01.2023 09:08
Sist oppdatert: 04.01.2023 14:25