Geiranger Bakeri montasje Per Sævik foto Marius Rosbach Kjetil Haanes 11
VILLE HA MED SÆVIK: Eigarane i Geiranger Bakeri-selskapa jobba for å få med Per Sævik og Havila-konsernet på eigarsida før konkursane. Før skiftesamlinga neste veke er det meldt inn drygt 11,1 millionar i krav til bustyrar. Foto: Marius Rosbach/Kjetil Haanes
Nytt

Håpte å få Havila som bakerieigarar

Geiranger Bakeri-selskapa jakta nye investorar før konkursane. Bustyrar er kritisk til drifta.

Marius Rosbach
24.02.2023

Geiranger Bakeri-gründerane hadde god tru på at Havila-konsernet ville komme inn som eigarar. Det kjem fram av dei førebels rapportane frå buet etter konkursane i bakeriselskapa.

Dei to styreleiarane Stian Lystad og Rene Wuya har forklart at dei frå starten, hadde eit ønske om å få inn fleire investorar for å utvide drifta.

Samtidig som gründerane gjekk inn med eigne midlar, jobba dei med å få inn fleire langsiktige eigarar.

I rapportane frå bustyrar Anne N. Hovde går det fram at ein bedriftsrådgivar sommaren 2022, fekk i oppgåve å forhandle med investorar og kreditorar.

Havila-framstøyt stranda i desember
På det tidspunktet var det allereie sett fram krav om konkurs mot tre av selskapa frå skattestyresmaktene, men takka vere nye kapitalinnskot fekk drifta halde fram.

Den gong hadde bakeri-gründerane oppriktig trua på at Havila As ville gå inn som ny solid eigar i bakerikonsernet sitt holdingselskap. Framstøyten med å få inn Havila-konsernet på eigarsida, stranda i desember 2022, ifølgje rapportane.

Havila er eigd av Sævik-familien i Herøy, og har mellom anna hotelldrift i Geiranger, der eitt av bakeriutsala held til.

Bustyrar kritisk til rekneskapsføringa
Bustyrar Hovde er kritisk til korleis økonomien mellom dei ulike bakeriselskapa har vore handtert.

I rapportane blir det påpeika at dei framlagte rekneskapane er svært mangelfulle og delvis uforståelege. Ved konkursopningane var det ikkje sett av midlar til skattetrekk.

Bustyrar har sett fram krav mot dei to styreleiarane for manglande kontantinnbetaling i dei ulike bua. Totalt er kravet på kring 358.000 kroner, går det fram av rapportane.

Samla krav på drygt 11,1 millionar
Til saman sju selskap gjekk over ende i Geiranger Bakeri-konkursane. Konsernet hadde utsal i Ålesund, Sykkylven, Langevåg, Geiranger og Volda.

Konsernet som melde oppbod i januar besto av selskapa G-B Holding, Gb Sykkylven, Gb Utstillingsplassen og Gb Geiranger. I tillegg eigde dei halvparten av Bringebær As, som hadde utsal i Volda.

Det er kome inn krav frå kreditorar på 9 millionar kroner, i tillegg er det meldt inn lønnskrav på 2,1 millionar.

Fleire årsaker til konkursane
Bustyrar meiner det er vanskeleg å peike på den eigentlege årsaka til konkursane.

Ho skriv at merkevara verka å ha fått godt fotfeste, men trekker fram at drifta – spesielt ved avdelinga på Devoldfabrikken – var underkapitalisert.

GB Devold var produksjonsselskapet i konsernet og dei andre selskapa var avhengig av at drifta her var solid.

Mista kontrollen med økonomien
Utvidinga av verksemda til Volda, Geiranger og Sykkylven, gjorde at logistikk og produksjon måtte trappast opp.

I rapporten går det fram at problema vart større hausten 2021, då det ikkje vart gjennomført internfakturering grunna sjukemelding hos ein av eigarane.

Det gjorde at styret i dei ulike selskapa og konsernet mista kontrollen med korleis økonomien utvikla seg.

Publisert: 24.02.2023 12:26

Sist oppdatert: 24.02.2023 14:43

Mer om