Marin Teknikk yacht renessaince Foto Freire 11
FLYTANDE LUKSUS: Den 112 meter lang yachten som Marin Teknikk i Herøy har teikna, skal ifølgje verftet ut på leigemarknaden.
Nytt

Etter sju års arbeid er superyachten klar

Eigaren har fått oppfylt draumen med superyacht teikna av Herøy-selskap. Og snart kan du leige den.

Marius Rosbach
27.07.2023

Marin Teknikk i Herøy har fått sin tredje superyacht med deira design på vatnet. Yachten har fått namnet «Renaissance» og er no levert, ifølgje ei pressemelding frå Freire-verftet i Spania.

– Vi starta på dette ‘high-end’-yachtprosjektet tilbake i oktober 2016 og no er det endeleg levert, skriv Marin Teknikk i ei oppdatering på Facebook.

Skal ut på leigemarknaden
Den ukjente eigaren har ifølgje designselskapet fått oppfylt draumen sin med den 112 meter lange og 18 meter breie yachten.

Om det skulle friste med ein tur, vert det truleg mogleg, ettersom yachten ifølgje verftet skal ut på leigemarknaden. Prisen blir ikkje opplyst på meklarsida der yachten ligg ute.

Designselskapet har ikkje lov å fortelje kven som er eigaren, men Marin Teknikk-sjef Svein-Rune Gjerde fortalde til NETT NO tidlegare i år, at dei har vore i fleire møte med vedkomande.

Saman med kona har eigaren også vore på besøk ved hovudkontoret til designselsaket på Dragsund.

Omfattande arbeid
Yachten er den største som nokon gong er bygd i Spania, ifølgje byggeverftet i Vigo. Kring 600 arbeidarar har jobba med prosjektet dei siste åra, ifølgje meldinga.

«Renaissance» er samtidig det tredje yacht-oppdraget til designarane i Marin Teknikk. Det har óg vore det mest omfattande når det kjem til arbeidsmengde for Herøy-selskapet.

Yachten har seks dekk og det er til mannskap og 36 gjestar om bord. Her skal det også vere plass til eige helikopter, fleire bilar, motorsyklar, landgangsfartøy og mykje ekstrautstyr.

Kleven Ulysses
KLEVEN-BYGD: Ulysses var den første superyachten med design frå Marin Teknikk i Herøy. Yachten - og seinare systeryachten - blei begge bygd ved Kleven-verftet i nabokommunen. Foto: Kleven Verft

Meir aktivitet i yachtmarknaden
Marin Teknikk-sjefen fortalde til NETT NO tidlegare i år at dei har vore mindre aktive med å selje nye design til yachtmarknaden ei periode.

– Det begynner å bli meir aktivitet, så vi vil sjå meir seriøst på denne marknaden, sa Gjerde.

Dei to første yachtane Marin Teknikk designa, vart bygde ved Kleven-verftet til den new zealandske milliardæren Graeme Hart. I 2015 fekk han overlevert ein 107 meter lang yacht, men Hart bestilte like godt ein ny og litt større yacht. Den siste var på 116 meter og overlevert i 2018.

Seinare er desse yachtane selt, og det er ikkje kjent kven som er eigar i dag.

Dei to Kleven-bygde skipa var bygde i stål. Det vart også den nye yachten frå Freire-verftet.

Skipsdesignselskapet har hatt nokre tøffe år og hadde nesten 20 millionar i minus i fjor.

Prosjekt som ein trudde skulle bli landa i 2022, kom ikkje i mål likevel. Samstundes brukte selskapet mykje på forsking- og utvikling, fortalde Marin Teknikk-sjefen til NETT NO førre månad.

Dei registrerte eit vendepunkt i marknaden i vår og at selskapet har fått mange små og nokre større oppdrag i år. Han hadde tru på at dei ville lande fleire opopdrag i løpet av året.

Publisert: 27.07.2023 14:02

Sist oppdatert: 27.07.2023 14:17

Mer om