Ny Marin Teknikk-yacht er snart klar
Nye oppdrag i luksusmarknaden sit langt inne. Men designselskapet har sikra meir jobb på andre område.
Den nye superyacthen som designselskapet Marin Teknikk har teikna var nyleg ute på sin første seglas. Bygginga ved Freire-verftet i spanske Vigo nærmar seg slutten og yachten skal no til måling ved same verft.
Avisa Faro de Vigo skriv at den vel 112 meter lange og 18 meter breie yachten, vekte oppsikt då den nyleg vart flytta for vidare arbeid.
Les også
Yachten er mellom dei største som nokon gong er bygd i Spania og er det tredje yacht-oppdraget til Marin Teknikk. Det har samtidig vore det mest omfattande når det kjem til arbeidsmengde.
- Det er ein stor jobb for oss, stadfestar Marin Teknikk-sjef Svein-Rune Gjerde til NETT NO.
- Vi fekk oppdraget som ein konsekvens av dei to tidlegare yachtane vi teikna, seier han.
Gode tilbakemeldingar
Designselskapet har ikkje lov å fortelje kven som er eigaren, men dei har vore i fleire møte med vedkomande. Saman med kona har eigaren også vore på besøk ved hovudkontoret på Dragsund.
- Dei har sett at dei tidlegare båtane vi har teikna har vore bra. Vi får tilbakemeldingar på sjøeigenskapane både frå meklarar og teknisk personell, som seier at dei er særdeles nøgd, seier Gjerde.
Dei to første yachtane Marin Teknikk designa, vart bygde ved Kleven-verftet til den new zealandske milliardæren Graeme Hart. I 2015 fekk han overlevert ein 107 meter lang yacht, men Hart bestilte like godt ein ny og litt større yacht. Den siste var på 116 meter og overlevert i 2018.
Seinare er desse yachtane selt, og det er ikkje kjent kven som er eigar i dag. Alt Gjerde veit, er at det skal vere amerikanarar.
Meir aktivitet i yachtmarknaden
Marin Teknikk-sjefen fortel at dei har vore mindre aktive med å selje nye design til yacht-marknaden ei periode.
Først gjorde pandemien det vanskeleg å møtast ein periode. Deretter fall både den russiske og ukrainske marknaden bort som følgje av krigen, og påfølgjande kostnadsauke.
- Det begynner å bli meir aktivitet, så vi vil sjå meir seriøst på denne marknaden utover våren og sommaren, fortel Gjerde.
Les også
Nye kontraktar på fiskeri
I fiskerimarknaden har Marin Teknikk allereie sikra seg fleire designjobbar på nye båtar, som dei ikkje kan gå ut med offentleg enno.
I andre segment er det også meir å gjere. Gjerde fortel at dei har prosjekt både til offshore og havvind som dei trur vil føre til nye kontraktar.
- Behovet for tonnasje spesielt i olje- og gass er stigande, men det tek lengre tid enn før å sikre jobbane, seier han.
Publisert: 14.03.2023 15:31
Sist oppdatert: 14.03.2023 21:59