Christian cramer skjermfoto haramskonferansen 11
HARAMSKONFERANSE: Christian Cramer som har fått ansvaret med å stable på beina det nye Eksportstrategirådet i Ålesund. Skjermfoto: Haramskonferansen
Nytt

Etterlyste «styringsignal» frå Støre

Etableringa av eksportkontoret i Ålesund som skulle ha vore starta i fjor, er avhengig av avklaring frå regjeringa.

Marius Rosbach
15.02.2022

Mannen som leiar oppbygginga av Eksportstrategirådet i Ålesund, Christian Cramer, stod tysdag på scena under Haramskonferansen.

– Vi er avhengig av at Jonas Gahr Støre og regjeringa gir dei nødvendige styringssignala for å få selskapet fullt ut etablert med eit oppdrag og intensjon, slik at det går an å lede for han, eller ho som skal ta over jobben som leiar etter meg, sa Cramer.

Cramer som også er NHO-direktør for medlem og region, blei i fjor tilsett som midlertidig direktør for Eksportstrategirådet fram til årsskiftet.

I sluttfasen med å finne leiar
Planen då den førre regjeringa lanserte Eksportstrategirådet i fjor sommar, var at kontoret skulle vere i drift frå fjor haust.

Mellom anna har arbeidet med å finne ein permanent sjef for det nye kontoret har trekt ut i tid. Etter det NETT NO kjenner til, skal det ha vore eit utfordrande arbeid å finne ein person til stillinga.

I januar opplyste styrleiar Arvid Moss at arbeidet var i sluttsfasen.

Framleis ambisjon om 10-15 tilsette

Kontoret skal etter planen ha 10 til 15 personar tilsette i Ålesund.

– Det er framleis ambisjonen og det eg jobbar for å realisere, sa Cramer frå scena i Brattvåg.

Cramer fortalde at Eksportstrategirådet skal jobbe tettare på bedriftene enn resten av verkemiddelapparatet. Styret skal peike ut satsingsområder etter innspel på næringane, og på sitt neste møte skal styret diskutere havvindsatsing Cramer fortelje.

Viktig grunnlag for eksportsatsing
Målet er som regjeringa har peika på i Hurdalsplattformen – ei auke på 50 prosent av eksporten innan 2030.

– Å vere klar for å løfte Eksportstrategirådet vidare, vil vere grunnlaget for å få ei felles satsing ute i den store verda, påpeika Cramer.

Han viste til at Møre og Romsdal er eit særskilt viktig fylke i eksportsatsinga, med viktige næringar som maritim industri, oppdrett og nyare selskap som Norwegian Hydrogen.

I kroner per innbyggjar er allereie fylke på landstoppen når det kjem til fastlandseksporten.

Publisert: 15.02.2022 11:03

Sist oppdatert: 15.02.2022 11:08

Mer om