Iselin nybø brosundet 11
ÅLESUND: Næringsminister Iselin Nybø presenterte nyheita i Ålesund, saman med mellom anna Vetle Wang Soleim (H). Foto: Marius Rosbach
Nytt

Eksportkontor til Ålesund

Næringsministeren kom med gladnyheit for næringslivet på Sunnmøre.

Marius Rosbach
01.06.2021

Næringsminister Iselin Nybø (V) kom til Ålesund tysdag for å fortelje at det nyoppretta eksportstrategirådet blir lagt til byen.

– Ålesund og regionen rundt har sterk kompetanse på eksport, sa Nybø om bakgrunnen for valet av lokalisering.

Sjå sending frå pressekonferanse på Facebook her

10-15 tilsette
Eksportstrategirådet blir eit kontor med 10-15 tilsette og dei skal ha eit styre på sju personar.

– Vi er allereie i gong med å intervjue kandidatar til styret, la Nybø til.

Eininga skal «identifisere, prioritere og utvikle strategiske eksportsatsinger mot internasjonale markeder i sterk vekst», heiter det i pressemeldinga som blei sendt ut om saka.

– Staten kan ikkje vedta auka eksport, og det er bedriftene som eksporterer. Men med dette grepet koplar vi næringslivet tettare på vårt strategiske eksportarbeid, sa Nybø.

Kontoret som tidlegare er blitt omtala som Business Norway, skal etter planen vere i drift frå hausten. Etaten skal forvalte 75 millionar kroner og her vil regjeringa samle kompetanse, som i samarbeid med næringslivet skal jobbe for å auke den norske eksporten.

Bakgrunn: Fem anbefalingar for meir eksport

– Har masa nonstop
Næringsministeren la ikkje skul på at pågangen frå regionen om saka, har vore stor, og at næringslivet og politikarane har stått samla i sine ønske.

– Næringslivet har masa nonstop, sa Vanylven-ordførar Lena Landsverk Sande (V) - og påpeika at det var bra. Ho meiner avgjerda viser at regjeringa har lytta til regionen.

– Som næringsminister viser du forståing for fylket, den kompetansen som er her og det kraftsenteret som er for eksport, sa ho til Nybø.

Nordvestlandet med søre Sunnmøre i tet, har i ei årrekke vore i Norges-toppen i eksport per innbyggjar.

Kan også få GIEK-arbeidsplassar
I vår blei det klart at Vestlandet ikkje fekk gjennomslag for sitt ønske om å flytte det samanslåtte GIEK (Garantiinstituttet for eksportkreditt) og Eksportkreditt Norge, til Ålesund.

Stortinget kom likevel med ei klar bestilling til regjeringa om ei sterkare regional lokalisering i viktige eksportregionar – og kome tilbake til Stortinget med saka.

Nybø vil ikkje no seie noko om kva tid saka kjem opp att, men forsikrar at det blir jobba med den.

– Det kan vi ikkje sjå vekk frå, er alt ho vil seie i dag, om moglegheitene for at Ålesund også vil få nokre av desse arbeidsplassane til byen.

Må tette eksportgapet
Noe av den store utfordringa for Norge, er utsiktene for at den norske handelsbalansen blir dårlegere som følgje av nedgang i olje- og gass.

Eksporten frå andre næringer må difor auke framover. Samstundes har norske bedrifter dei siste årena gjort det betydeleg dårlegere i utlandet, enn næringslivet i Sverige og Danmark.

Starta med tåketrøbbel
Besøket til næringsministeren på Sunnmøre starta med at flyet til følgjet hennar, ikkje kunne lande på Vigra grunna tåke. Difor måtte statsråden droppe det planlagde besøket ved Hareid-bedrifta Jets Vacuum.

Etter at Nybø hadde lagt fram nyheita om det nye eksportkontoret, besøke statsråden Uteguiden i Ålesund og padla kajakk i Brosundet.

Publisert: 01.06.2021 13:19

Sist oppdatert: 02.07.2021 11:59

Mer om