Meiner maritim næring må spele «ein viktig rolle» for å nå eksportmål
Den nye statsråden for maritime næringar lovar tiltak som gir auka aktivitet - og det hastar, påpeiker han.
Fiskeri- og havminister Bjørnar Skjæran (Ap) har blitt den mest sentrale statsråden for store delar av næringslivet på Nordvestlandet. Nyleg fekk han ansvaret for «alt» som er knytt til havet – inkludert maritim industri, oppdrett og skipsfart.
– Det er eit ansvar eg tar på det største alvor, og det er også ei tillitserklæring. For vi har ikkje sjanse til å auke eksporten i landbasert industri med 50 prosent innan 2030, utan at havnæringane tek ei viktig rolle, seier han til NETT NO om den nye ansvarsfordelinga mellom han og næringsminister Jan Christian Vestre (Ap).
Å lage en ny politikk for å utnytte fleire av moglegheitene som er
knytt til havet, er bodskapen når statsråden sett i gong arbeidet.
Han er også oppteken av å sjå på heile verdikjedene.
Skjæran starta dagen i Ålesund med å opne den første verftskonferansen på to år.
Les saker frå verftskonferansen under
Vil legge fram samla pakke
Per i dag vil ikkje statsråden seie kva tiltak regjeringa vil gå for. No er det først tid for å hauste innspel frå næringslivet. Besøket på Sunnmøre tysdag var det første i ein rekke for høyre kva bedriftene meiner.
– Vi vil lage ein samla strategi for korleis vi kan få forsterka posisjonen til den norske maritime klynga, når vi skal gjennom det grøne skiftet, fortel Skjæran.
Det vil skje gjennom ei pakke for grøn skipsfart i samarbeid mellom fleire departement. Ap-statsråden kan ikkje no tidfeste kva tid det skjer, men seier det ikkje vil skje før årsskiftet.
– Men det hastar og det er eit arbeid vi tar fatt på raskt, seier han om tidsperspektivet.
Må bli flinkare til å skalere opp
Skjæran fortel at noko av arbeidet vil dreie seg om å utvikle dagens verkemiddel og støtteordningar - og å lage nye,
Målet er at dei maritime næringane skal levere ny teknologi som verda vil ha, for å kutte sine utslepp.
– Men vi må treffe betre på dette med å skalere opp. Vi kan ikkje berre drive med pilotprosjekt, påpeiker han.
Han trekk også fram trepartssamarbeidet mellom arbeidsgivarane, fagforeiningane og staten som ein grunnstein i arbeidet, og han vil ha meir dialog med næringa og dei tilsette.
(saka held fram under)
«Frysningar» av ordet næringsnøytralitet
Ministeren hadde ikkje tidlegare vore i dei maritime kommunane Hareid og
Ulstein på søre Sunnmøre. Under besøket hos Ulmatec Handlings Systems
trekte styreleiar Håvard Myrene fram betydninga av samspelet i klynga og
verdien av å ha levedyktige verft.
– Det er slik det sunnmørske clüsteret har bygd seg store og sterke,
påpeika han.
Myrene bad om ein politikk som bidrog til at dei store verfta framleis hadde ei framtid. Han la ikkje skjul på at han var skuffa over innsatsen til den førre regjeringa.
– Eg får frysningar av å høyre ordet næringsnøytralitet, når vi ser kva for moglegheiter vi har som havnasjon. Der er dei totalt på villspor, la han til.
E13/S2 Hvordan vil ny regjering påvirke næringslivet i regionen?
Vil ha ombygging og lengre permisjonstid
Frå Tore og Gunvor Ulstein i Ulstein Group var bodskapen at det i første
omgang trengs tiltak som gir aktivitet i form av ombygging, slik at dei
tilsette har arbeid til dei får på plass større nybyggingsoppdrag.
Klubbleiar Vegard Moltu Nilsen i Fellesforbundet var på si side opptatt av å få utvida permitteringsperioden. Tidlegare er den vore utvida til 52 veker, men er no korta ned til 26 veker. Det gjer situasjonen usikker for mange tilsette, påpeika Nilsen.
Publisert: 02.11.2021 17:14
Sist oppdatert: 04.11.2021 12:29