Arvid Moss Kathrine Myhre Eksportstrategirådetfoto Ogne
LEIAR STRATEGISTYRET: Styret i Eksportstrategirådet, med styreleiar Arvid Moss og nestleiar Kathrine Myhre i spissen. Foto: Ogne Øyehaug
Nytt

I sluttfasen med å finne eksportsjef

Eksportstrategirådet som skulle ha vore i gong frå hausten, har enno ikkje tilsett leiar.

Marius Rosbach
25.01.2022

Forventingane var store på Nordvestlandet då næringsminister Iselin Nybø i fjor juni lanserte opprettinga av Eksportstrategirådet i Ålesund.

Strategirådet skal forvalte 75 millionar kroner som dei skal nytte til å løfte norsk eksport – eit hovudmål for både Solberg- og Støre-regjeringa.

Planen var at etaten skulle vere i drift frå fjor haust og ha 10-15 tilsette.

I desse dagar er det framleis ikkje tilsett ein leiar for Eksportstrategirådet og kontoret er bemanna med tre midlertidige tilsette.

I sluttfasen med å finne direktør
I haust blei Christian Cramer tilsett som midlertidig direktør for Eksportstrategirådet fram til årsskiftet.

– Direktørstillinga er utlyst og prosessen er i ferd med å sluttførast, fortel han til NETT NO om arbeidet med å finne ein permanent leiar.

Det er styret leia av Arvid Moss som har hand om prosessen. Han opplyser følgjande om kvifor arbeidet med å bygge opp kontoret i Ålesund har teke tid.

– Vi tar den tida vi treng for å finne den beste kandidaten. Og inntil vi har tilsett leiar, blir det ikkje gjort andre rekrutteringar av fast tilsette, skriv han i ein e-post til NETT NO.

Podium

E10/S2 Stig Remøy og Rolf Fiskerstrand om GIEK / Eksportkreditt Norge og framtida til norsk eksport

Mange søkjarar til analytikarjobbar
I tillegg til dei tre midlertidige tilsette er busett i Tromsø, Molde og Oslo og jobbar frå heimekontor.

Eksportstrategirådet er óg i ferd med å tilsette ein kontormedarbeidar, og det er søkt etter to senioranalytikarar på makroøkonomi.

– Det var mange gode kandidatar som søkte, og det er mange gode kandidatar som blei søkt opp i proessen leia av Personalhuset i Ålesund, fortel Christian Cramer til NETT NO.

Han legg til at det er naturleg den nye direktøren får leie jobben med å bygge opp staben vidare.

Publisert: 25.01.2022 09:22

Sist oppdatert: 25.01.2022 09:23

Mer om