Færre nybygg i 2022
Færre og mindre kostbare skip. Slik var ordreinngangen for norske nybyggingsverft i 2022.
I fjor signerte norske skipsverft kontraktar for 22 nybygg for til saman 6,6 milliardar kroner, ifølgje statistikken til bransje- og salsorganisasjonen Norske Skipsverft.
I 2021 var tala 26 nybyggingskontraktar for tilsaman 9,3 milliardar kroner.
I mai 2021 hadde norske skipsverft skip for 29,6 milliardar kroner under bygging eller i bestilling, for levering fram til mai 2023.
Med ein ordreinngang på tilsaman 15,9 milliardar kroner dei to siste åra er det klart at ordrereserven har krympa dei siste åra. Det har ikkje blitt bestilt nok nybygg til å erstatte skip som blir levert.
"Kapasiteten i næringen ikke er fullt utnyttet", skriv administrerande direktør Asle Strønen i Norske Skipsverft i ein e-post til NETT NO.
Blanda bilete
Strønen understrekar at det er skilnadar mellom verfta. For dei som byggjer service- og arbeidsbåtar til havbruknæringa er aktivitetsnivået greit, skriv han.
For ombygging/vedlikehald/reparasjonar er marknaden mykje betre, med jamn ordreinngang og høg etterspørsel. Det er også ein marknad tradisjonelle nybyggingsverft har vendt seg mot nå etterspørselen etter nybygg har falle.
Ventar på avklaring
Norske Skipsverft har i lengre tid arbeidd for å få til ei såkalla forskotsgarantiordning for skipsverfta.
Verfta treng pengar for å finansiere bygging av nye skip, fram til skipet er levert og betalt. Etter fleire tøffe år for næringa - og først og fremst for dei største verfta - er økonomien og evna til å ta på seg nye oppdrag svekt.
Difor vil Norske Skipsverft at Eksfin - samanslåinga av Eksportkreditt og Garantiinstituttet for eksportkreditt - etablerer eit nytt produkt «Lån og garantiar for skipsverfta» som verfta kan søke om på kommersielle vilkår.
Strønen skriv til NETT NO at ballen no ligg hos Næringsdepartementet, etter Norske Skipsverft si vurdering.
Publisert: 03.01.2023 12:21
Sist oppdatert: 03.01.2023 12:32