Moltustranda Atlantic Seafood Jørund Knardal foto Kjetil Haanesprivat
HAR NOK: Ei uventa inntekt gjer at bustyrar Jørund Knardal (innfelt) har nok pengar til å finansiere det bustyrearbeidet han meiner er naudsynt etter konkursen i fiskeforedlingsverksemda Atlantic Seafood på Moltustranda. Foto innfelt biletet: Privat
Nytt

Fekk inn 800.000 etter konkursen

Ei straumrekning betalt på forskot sikrar at bustyraren kan jobbe vidare med Atlantic Seafood-konkursen. Staten sa nei til støtte.

21.02.2023

Omlag 800.000 kroner kom inn til buet frå straumleverandøren etter konkursen i fiskeforedlingselskapet Atlantic Seafood på Moltustranda i Herøy.

Selskapet blei slått konkurs i november 2022 etter krav frå tilsette som ikkje hadde fått løn.

Dei 800.000 var attendebetaling av forskotsbetalt straum og var pengar som bustyrar Jørund Knardal ikkje visste om og dermed ikkje hadde venta å få inn.

Avslag frå Statens Sivilrettslige forvaltning
Difor søkte bustyraren først Skatteetaten om 200.000 kroner i tilskot til mellom anna å tilsetje ein burevisor for å få granska om det er ulovlege forhold i konkursen.

Søknaden er avslått går det fram av svarbrevet frå Statens Sivilrettslige forvaltning:

"Vi viser til at de mulige straffbare handlingene som bostyrer redegjør for i søknaden ikke fremstår alvorlig nok til at det bør innvilges garantimidler. Videre vil vi bemerke at en søknad på kr 200 000 etter ordningen er et relativt høyt beløp og at dette stiller krav til en mer konkretisert beskrivelse av eventuelle straffbare forhold samt hva midlene skal gå til", heiter det i avslaget.

I samband med den mellombelse innberetning i buet, som vart behandla i retten 2. januar i år, sa Knardal til NETT NO at fleire utbetalingar før konkursen kunne vere omstøytlege.

Over 1,1 millionar kroner
Det handla mellom anna handlar om utbetalingar i oktober og september 2022 frå Atlantic Seafood sine norske bankkonti til selskapet sine konti i utlandet, og om utbetalingar til eigedomsselskapet Legemyrane 4, som eig bygningane på Moltustranda der Atlantic Seafood leigde lokale.

Til saman utgjer dei fem transaksjonane som Knardal gav som døme overføringar på over 1,1 millionar kroner.

200 personar har truleg lønskrav
Knardal har sendt inn eit krav til lønsgarantifondet på 4,2 millionar kroner på vegne av 76 tidlegare tilsette, men reknar med at så mange som 200 personar har krav på løn og/eller feriepengar etter å ha arbeidd i selskapet. Fleirtalet av desse er utlendingar og er vanskleg å finne og få kontakt med, iføgje Knardal.

Før konkursen i fjor fekk Atlantic Seafood gebyr på 800.000 kroner for underbetaling av tilsette.

Mattilsynet varsla første at selskapet kunne misse produksjonsløyvet - før varselet vart trekt attende.

Har fått burevisor
Knardal ønskjer ikkje å kommentere avslaget på søknaden om finansiering av vidare arbeid i bustyret.

Attendebetalinga av den forskotsbetalte straumrekninga er uansett nok til å finansiere den bubehandlinga som Knardal meiner er naudsynt. Det gjeld mellom anna utnemning av ein burevisor - Olav Sandnes - som allereie er i gang med sin del av arbeidet.

Utan attendebetalinga hadde buet ikkje hatt midlar til burevisor, ifølgje Knardal.

Arrestert i Litauen
Atlantic Seafood var eigd av den Litauen-baserte nordmannen Daniel Andresen, som også eig eigedomsselskapet Legemyrane 4. ifølgje Proff.no.

Andersen er fengsla og begjært utlevert til Noreg, sikta for medverknad til momsunndraging for ein rekke litauiske selskap, i samband med utleige av arbeidskraft til fiskeindustrien i Nord-Norge.

Politiet mistenker nettverket for skattesvik til eit beløp på kring åtte millionar kroner i perioden 2017-2019.

Tilhøva Andersen er sikta for, har ingenting med Atlantic Seafood å gjere, i følgje politiet.

Publisert: 21.02.2023 08:30

Sist oppdatert: 21.02.2023 00:20

Mer om