Fekk nei til batterifabrikk
Ålesund og Kinn er ute av kampen om kjempefabrikk. Hydro vurderer 20 tomter vidare.
(NPK): Ein rekke kommunar har fått beskjed om at dei ikkje er aktuelle for Hydros nye batterifabrikk. 20 kommunar er med vidare.
Får Nordvestlandet melde Ålesund og Kinn si interesse, men begge desse kommunane er no uaktuelle.
Norsk Hydro har planar om å etablerte ein gigantisk batterifabrikk i samarbeid med Equinor og Panasonic. Bakgrunnen er målet til EU om å bli meir uavhengige av batteri frå Asia.
82 kommunar melde seg
Tysdag annonserte Hydro at dei går vidare med rundt 20 tomteforslag rundt om i landet, men dei vil ikkje seie kva kommunar det er snakk om.
NRK har fått stadfesta at Stjørdal i Trøndelag er med vidare, og det er også Tysvær i Rogaland. I tillegg er altså 18 kommunar til med i kampen vidare.
Ifølgje NRK melde 82 kommunar seg på med planar og gode argument for at deira prosjekt var det beste.
Desse er ute
NRK har snakka med fleire kommunar som stadfestar at dei enten er med eller ute av kampen om batteriproduksjonen.
Dei som er ute av kampen i Møre og Romsdal er Aukra, Aure, Hustadvika, Sunndal, Surnadal, Kristiansund, Vestnes – i tillegg til Ålesund.
I Vestland har desse kommunane fått nei: Alver/Austrheim, Askøy, Bjørnafjorden, Bremanger, Kvinnherad, Masfjorden/Gulen, Voss, Øygarden, Sunnfjord/Høyanger/Hyllestad/Fjaler/Askvoll – og Kinn.
I Rogaland er Tysvær, Time og Bjerkheim ute av dansen.
I Agder har Grimstad, Kristiansand og Vennesla fått avslag. I Viken er Kongsberg ute, medan Toten, Elverum og Dovre har fått nei i Innlandet.
Narvik/Harstad, Fauske og Vefsn er ute i Nordland. I Trøndelag er Steinkjer, Stjørdal, Levanger og Verdal, Malvik, Orkland, Rennebu, Heim, Trondheim, Grong, Namsos, Overhalla, Indre Fosen og Midtre Gauldal, ikkje lengre med i konkurransen.
Publisert: 16.03.2021 13:41
Sist oppdatert: 16.03.2021 13:47