Per sævik landgang havila capella mjølstadneset foto kjetil 22
KAN BLI HEIMEHAMN: Mjølstadneset der mellom anna Havila Kystruten har sitt hovudkontor, kan bli anløpskai for skipa på Bergen-Kirkenes-seglasen. På bildet går Kystruten-eigar Per Sævik i land på Mjølstadneset under jomfruseglasen til Havila Capella. Foto: Kjetil Haanes
Nytt

Gjekk inn for Mjølstadneset – med atterhald

Herøy-politikarane vil ha dei økonomiske konsekvensane på bordet, før dei endrar hurtigrutestopp.

Marius Rosbach
19.04.2022

Eit fleirtal i formannskapet i Herøy, gjekk tysdag ettermiddag inn for ei tilråding, som ikkje var like tydeleg som rådet frå kommunedirektøren.

I staden for å tilrå konkret at anløpskaia for Hurtiruten og Havila Kystruten sine skip i framtida skal vere Mjølstadneset, gjekk eit fleirtal inn for at kommunen «aktivt skal arbeide for endra anløpsstad for kystruten Bergen – Kirkenes».

– Det må avklarast kva økonomiske konsekvensar ei flytting av Hurtigrute/ kystruten får for økonomien i kommunen, heiter det vidare i tilrådinga.

Formannskapet bad deretter om at saka skal opp til endeleg vedtak, når desse avklaringane er på plass.

Berre to av dei ni representantane i formannskapet røysta mot desse punkta.

De siste punktet – om at området på Mjølstadneset skal heite Fosnavåg næringspark, gjekk eit samrøystes utval inn for. Tilrådinga går vidare til kommunestyret for endeleg vedtak.

Ikkje tilstrekkeleg driftsgrunnlag
Skipa til Hurtigruten og Kystruten legg i dag til kai i Torvik når dei kjem til Herøy. Her er det terminal for passasjerar og gods som er drifta av Herøyterminalen – som igjen er eigd av selskapet Vonin Refa.

I møte med kommunen har eigarane vist til aktiviteten er på «sida av fokuset til selskapet». Dei har tidlegare forsøkt å selje eigedomen, men forpliktinga om å drifte hurtigruteterminal på staden, har gjort dette vanskeleg.

I saksutgreiinga kom det fram at anløp av kysstruta, og ikkje er tilstrekkeleg til å forsvare drift.

Har rådspurt kring 30 aktørar
Lokale aktørar som Havila og Ervik & Sævik er mellom dei som vil at kystruteskipa skal anløpe Mjølstadneset. Hurtigruten har tidlegare ikkje ønska å «velje side», men har vist til at ein må vere samde lokalt om ei eventuell endring.

Kommunen har kartlagt korleis nærare 30 næringsaktørar ser på saka, og tilbakemeldingane var i all hovudsak positive til å skifte frå Torvika til Mjølstadneset.

Publisert: 19.04.2022 17:33

Sist oppdatert: 22.04.2022 10:24

Mer om