Havila capella tromsø innfelt bent martini foto kjetil 11
FAST I BERGEN: Havila Kystruten-sjef Bent Martini (innfelt) fekk ikkje noko roleg inngang til påske. Onsdag var Havila Capella fast i Bergen. Arkivfoto: Kjetil Haanes
Nytt

– Utfordringar det har vore umogleg å føreseie

Ved inngangen til påska jobba Havila Kystruten for å få eitt skip frå kai og eit anna ut frå verftet i Tyrkia.

Marius Rosbach
13.04.2022

SISTE: Hurtigruten tilbyr gratis-reise til Havila-passasjerar

Onsdag dukka nok eitt skjær i sjøen opp for Havila Kystruten si satsing på den tradisjonsrike seglasen mellom Bergen og Kirkenes.

Uklarheit kring forsikring av skipet Havila Capella, gjer at skipet må ligge til kai til situasjonen er avklart.

Om bord var 232 passasjerar som hadde gleda seg til påskeseglas. Onsdag ettermiddag var det ikkje klart kva tid skipet kan segle.

Har budd seg på problem

I fleire veker har reiarlaget budd seg på at det kunne oppstå problem med den mykje omtala leasingavtalen med russiskeigde GTLK. Denne veka blei det klart at selskapet er omfatta av sanksjonane etter Russlands invasjon av Ukraina.

Då NETT NO snakka med Kystruten-sjef Bent Maritini visste han førebels lite om kva utfallet ville bli, men håpte på det beste.

At aksjeverdien på det tidspunktet hadde stege med fleire prosent, blei ein fattig trøyst.

– Det har eg ingen kommentar til i dag. Eg har ikkje følgt med der, men vi gjer alt vi kan for å ta vare på verdiane for eigarane våre, seier han til NETT NO.

Har møtt ein rekke utfordringar
Utfordringane med Russland-sanksjonane kjem på toppen av alt frå rettsstrid med byggeverft til forseinka skipsbygging.

– Det er utfordringar det har vore umogleg å føreseie. No må vi gjere vårt ytterste for å handtere situasjonen slik den er blitt, seier Martini.

Han påpeiker at deira avtale er med GTLK Hongkong, og at det ikkje går pengar frå Havila-reiarlaget til russiske selskap.

– Leasingen av skipa er eit finansielt instrument der vi betalar eit lån til eigarselskapet. Som følgje av sanksjonane kan vi ikkje betale GTLK, forklarar Martini.

Eit alternativ kan vere å føre over pengar til ein sperra konto inntil vidare.

(saka held fram under)

Havila Capella og Castor sjøsetting Tersan foto Havila Kystruten
SJØSETTI FJOR: Havila Capella og Havila Castor då skroga til kystruteskipa blei sjøsett i fjor. Capella blei sett i rute på slutten av fjoråret. Reiarlaget håpar å få ut skip nummer to i tide til seglasen 10. mai. Foto: Havila Kystruten
Jobbar med ny finanseringsløysing

Onsdag jobba Maritini og dei andre i selskapet parallelt med å få på plass alle papira slik at Havila Capella kan segle, og samtidig få det neste skipet ut frå verftet i Tyrkia.

– Vi jobbar med ei total refinansiering for alle fire skipa, inkludert Havila Castor, fortel Maritini.

Etter det NETT NO kjenner til, blir det jobba med ei europeisk finansering, men det stadfestar ikkje reiardirektøren.

– Det vil vere ei anna løysing, seier han til det.

Håpar å rekke seglas 10. mai
Reiarlaget har mål om å sette skip nummer to, Havila Castor i drift frå 10. mai. Skipet nærmar seg leveringsklart frå Tersan-verftet i Tyrkia, og inntil det er overlevert, er det verftet sin eigedom.

– Det er ingen tvil om at ting skal gå etter planen, om vi skal rekke det. Men vi er sterke i trua og optimistar og eit skip ved verftet, som er kome veldig langt på veg til å bli ferdig, fortalde kommunikasjonsansvarleg Lasse Vangstein i reiarlaget til NETT NO tidlegare onsdag.

Publisert: 13.04.2022 15:02

Sist oppdatert: 13.04.2022 21:04

Mer om