Havila Capella i Bergen Foto Havila Kystruten 11
BERGEN: Havila Kystruten sitt skip Havila Capella er torsdag til kai i Bergen. Der ventar skipet på dispensasjon frå forsikring - som reiarlaget er avhengig av for å segle. Foto: Havila Kystruten
Nytt

Vil ikkje søke om dispensasjon for Havila

Forsikringsselskapet foreslår staten som garantist.

28.04.2022

(NPK-NTB-NETT.NO): Forsikringsselskapet Gard vil ikkje søke om dispensasjon frå forsikring for Havila Capella. I staden foreslår dei at staten går inn som garantist, ifølgje E24.no.

Tidlegare torsdag hadde reiarlaget Havila Kystruten framleis eit håp om at dei kunne få dispensasjon frå forsikringsreglane.

Pressekontakt i Gard, Karoline H. Flåm, seier til nettstaden at deira vurdering, er at ein dispensasjon ikkje vil gjelde deira utanlandske medforsikrarar.

– Om staten er villig til å garantere for utbetaling ved ei eventuell ulukke, bistår vi gjerne med støtte, service og ekspertise på eventuell skade- og kravhandterin, legg ho til.

Framleis avhengig av forsikring
Tidlegare denne veka vart det kjent at Utanriksdepartementet (UD) gir Havila Kystruten unntak frå sanksjonane mot Russland, som gir lov til å segle skipet i seks månader.

Men reiarlaget er framleis avhengig av forsikring på skipet, som igjen vil krevje særskild dispensasjon etter søknad frå forsikringsselskapa.

Meiner regelverk kan opne for dispensasjon
Professor emeritus i jus, Hans Jacob Bull, ved Universitetet i Oslo, meiner reglane gjer at Herøy-reiarlaget kan få dispensasjon, ifølgje NRK Vestland.

Bakgrunnen er at regelverket for sjøforsikring, er annleis enn forsikringar private nyttar.

Bull seier at den som volder skade til sjøs, normalt må betale den som er råka, før ein kan krevje utbetaling frå forsikringsselskapet.

– Den russiske eigaren vil ikkje tjene noko på det, seier han til NRK.

Jobbar framleis med finansiering
Forsikringsselskapet Gard, som står for Havila Capellas ansvarsforsikring, sa til NRK at dei ikkje vil kommentere saksgangen til enkeltkundar - eller om dei vil søke dispensasjon frå forsikringskrava.

Kystruten-reiarlaget jobbar framleis med å få på plass ei ny finansieringsløysing for skipet.

– Vi håper dei vil søke dispensasjon og gjeninnsette forsikringsdekninga vår, slik at Havila Capella så snart som mogleg kan segle att, sa kommunikasjonsansvarleg i Havila Kystruten, Lasse Vangstein, til NRK tidlegare torsdag.

Havila Capella har vore stranda i Bergen sidan 12. april. I utgangspunktet planlegg reiarlaget å legge ut på ny seglas Bergen-Kirkenes den 4. mai.

(©NPK)

Publisert: 28.04.2022 13:19

Sist oppdatert: 28.04.2022 14:38