Fekk tre råd om grøn omstilling av Nordsjøen
Politikarane rauk i hop i spørsmålet om Norge bør knytte seg tettare til EU.
(NPK- Peder Skjelten): I ein debatt om korleis Nordsjøen kunne bli plattform for grøn omstilling blei medlemskap eller nærleik til EU diskutert: – Avsporing, meiner Senterpartiet.
Under Arendalsveka presenterte NTNU og Sintef tre råd til politikarane for å få gjennomført ei grøn omstilling av Nordsjøen.
Dei tre råda var:
- Sørgje for berekraftig utbygging av Nordsjøområdet
- Legge til rette for CO2-lagring tilsvarande hundrevis av «Langskip-prosjekt» innan 2050
- Halde oppe kunnskappsforspranget Noreg har på resten av verda
Råda kjem frå ein kunnskapsoppsummering frå fire forskingssenter: LowEmission, FME, NCCS, FME NTRANS og FME NorthWind.
Kunnskapsoppsummeringa har sett på kva moglegheiter for nye klimateknologi og arbeidsplassar Nordsjøen kan gi innan blant anna C02-lagring, elektrifisering av sokkel, nordsjønett, havvind, energiøyer, hydrogen og meir.
Vi må ha kundar og marknadar som vil betale for det
Kundar og marknad
Fleire frå næringslivet var til stades på debatten. Her dukka behovet for å knytte seg nærmare EU.
Arvid Moss ved Hydro Energi sa det er viktig for Noreg å vere god på alle delar av dekarbonisering. Tre k-ar var sentrale i det: Kompetanse, Kapital og Kundar. Med kundar meinte han EU.
– Vi kan ikkje berre sette i gang prosjekta, vi må ha kundar og marknadar som vil betale for det, sa Moss.
Vil tettare på for å få kundar
Også Hildegunn Blindheim, direktør for klima og miljø hos Norsk olje og gass, meinte det var unionen vi måtte bli nærmare.
– Vi må vere mykje meir til stades i EU for å få kundar til fornybar norsk energi.
Venstre gjekk i fjor inn for at Noreg burde inn i EU. Ola Elvestuen (V) deltok i debatten for partiet og støtta næringslivet i å knytte seg til EU.
– Vi må gjere meir for at det skal kome etterspurnad etter Hydrogen. For å gjere det, må vi bli med i EU eller bruke EØS-avtalen for det den er verd, sa Elvestuen (V).
Sp: – Avsporing
Senterpartiet har vore klare på at dei ikkje ønsker å bli ein del av EU, og vil helst sjå Noreg trekke seg ut av EØS-avtalen. Sandra Borch var til stades på debatten for Senterpartiet. Ho meiner det blir feil å diskutere EU-medlemskap i ein debatt om grøn omstilling av Nordsjøen.
– Det er ei avsporing. Vi kan ta politiske val om å samarbeide med land i EU om ei grøn omstilling og skaffe oss ein marknad der, utan å bli medlem, seier Sandra Borch i Senterpartiet til Nynorsk pressekontor.
(©NPK)
Publisert: 17.08.2021 14:09
Sist oppdatert: 17.08.2021 14:09