Nils Ove Erstad Glmox foto Marius
I STARTGROPA: Nils Ove Erstad leiar Glamox-konsernet sitt arbeid med å utforske kunstig intelligens. Onsdag delte han sine erfaringar. Foto: Marius Rosbach
Nytt

– Finn ut kva problem som skal løysast

Glamox-konsernet utforskar kunstig intelligens og delte erfaringar på it-konferanse.

Marius Rosbach
14.02.2024

Ein rekke bedrifter er i gong med å utforske korleis kunstig intelligens kan vere nyttig for dei. Minst like mange vurderer å ta det i bruk og lurer på kvar dei skal starte.

Systemutviklar Nils Ove Erstad i Glamox fortalde onsdag korleis dei jobbar med teknologien under it- og teknologikonferansen i Molde.

– Det er ganske komplekst, også er det fantastisk morosamt, sa Erstad innleiingsvis.

Kan spare pengar med teknologien
Glamox leverer belysning til bedrifter og ulike bransjar, og ser moglegheiter ved alt frå straumstyring til nye tenester for kundane.

For ein eigedomsaktør med ein rekke bygg i porteføljen, kan det vere mykje å spare ved å ha eit system som fortel om behovet for vedlikehald – og slå av lyset når det ikkje er behov for det.

Konsernet har også utvikla teknologi for å skanne eit rom og sjå kva som trengst, og komme med forslag til ein seljar.

Ikkje start med AI - men finn ut kva problem som skal løysast
Nils Ove Erstad

Er framleis i startgropa
Sunnmøringen leiar Glamox- avdelinga som har ansvaret for å utvikle denne delen av verksemda. Erstad påpeika at dei framleis er i startgropa i arbeidet med å finne gode bruksmåtar.

Hans råd til bedrifter som ville utforske teknologien til å vere bevisst kva utfordringar ein vil løyse.

– Ikkje start med AI - men finn ut kva problem som skal løysast, sa Erstad.

Må koplast til noko som gir verdi
Erstad fekk støtte for synet frå Anders Granskogen Bjørnstad frå Axbit under ein påfølgjande panelsamtale.

– Du må kople det å ta i bruk maskinlæring til noko som gir verdi. Og ein må snakke om kva det skal brukast til, la Bjørnstad til.

It-leiaren sitt vidare råd var i størst mogleg grad forsøke å redusere utfordringa til noko handfast og konkret, som ein kan talfeste. Då er det også enklare å peika på kva forbetringar som er oppnådd i ettertid.

Konferanse molde panelsamtale foto marius
PANELSAMTALE: Deltakarane var ikkje i tvil om at kunstig intelligens ville føre til store endringar. Frå venstre: Nils Ove Erstad, Kristin Rotevatn Nyberg, Morten Goodwin og Anders Granskogen Bjørnstad. Foto: Marius Rosbach

– Ting går oftast tregt å ta i bruk
Bjørnstad meiner det er ei overdriving at det er eit teknologisk «tog som går», og at ein risikerer å stå att på perrongen.

– Ting går oftast tregt å ta i bruk, så mitt råd er å puste med magen. Det er mykje hype kring AI, la han til.

Panelet var samde om at det er mogleg å nytte kunstig intelligens på ein rekke nye områder. Morten Goodwin som er professor i kunstig intelligens ved Universitetet i Agder, meiner det er om å gjere å sjå moglegheitene.

– Viss ikkje vil nokon andre gjere det, la han til.

Vil «avmystifisere» teknologien
Administrerande direktør Kristin Rotevatn Nyberg i Twoday Norge hadde også teke turen til Molde-konferansen frå Oslo. Ho meiner det er grunn til å «avmystifisere» kunstig intelligens.

– Veldig mange som dominerer debatten har stor fagleg tyngde, men det er skilnad på å forske på dette og det å sjå kva moglegheiter som finst, sa Nyberg.

Den utflyttinga sunnmøringen meiner også at det er viktig å vere bevisst at avgjerder kring etikk og moral no kan bli «lagt i hendene» til systemutviklarane.

– Ein del avgjerder som tidlegare blei teke på leiarmøte og styreromma, blir no gjort av systemutviklaren, sa ho – og understreka at det samtidig medførte eit stort ansvar.

Publisert: 14.02.2024 13:49

Sist oppdatert: 14.02.2024 13:49

Mer om