Kronprins haakon
AVLYSER TOKT: Det Vard-bygde forskingsskipet Kronprins Haakon har avlyst tokt grunna høge kostnader til drivstoff. Arkivfoto
Nytt

Forskingsfartøy avlyser tokt grunna høge drivstoffprisar

– Fangstverdiar for milliardar blir sette på spel, meiner leiar i Pelagisk Forening.

NPK
08.09.2022

(NPK): Forskingsskip frå Havforskingsinstituttet kan måtte redusere tokt på grunn av høge drivstoffprisar.

– Fangstverdiar for milliardar blir sette på spel når forskingsfartøy droppar tokt på grunn av høge drivstoffprisar. Styresmaktene må punge ut for drivstoff til Havforskingsinstituttet, seier leiar i Pelagisk Forening, Kristian Sandtorv, til Fiskeribladet.

Meiner instituttet må få meir pengar
Utsegna kjem i samband med at Havforskingsinstituttet (HI) droppar eit planlagt forskingstokt fordi dei ikkje har pengar til drivstoff.

– Det er uhøyrt at vi ikkje skal ha råd til å forske på naturressursane ute i havet fordi drivstoffprisane har dobla seg. Eg forstår at Havforskingsinstituttet har eit budsjett å ta omsyn til, men det kan ikkje vere slik at høge drivstoffprisar skal setje på spel forsking på svært verdifulle fiskebestandar, seier Sandtorv.

Han meiner regjeringa må gi instituttet meir i stønad. Instituttet opplyser til avisa at dei ikkje har avlyst eller innstilt fleire tokt på grunn av drivstoffproblemet.

Ber forskarane tilpasse verksemda
Statssekretær Kristina Sigurdsdottir Hansen (Ap) i Nærings- og fiskeridepartementet seier Havforskingsinstituttet må tilpasse verksemda si til budsjettrammene dei har til kvar tid:

– Det inneber også at dei må handtere variasjon i drivstoffutgifter. Havforskingsinstituttet avgjer sjølv korleis dei tilpassar drifta ut frå dei økonomiske rammene dei har, og dermed også kva data som dei prioriterer å samle inn for å gi departementet eit best mogleg kunnskapsgrunnlag for kvotefastsetjing.

(©NPK)

Publisert: 08.09.2022 11:01

Sist oppdatert: 08.09.2022 15:25

Mer om