Mmc first process sølvtrans signering kontrakt juni 2021 mjølstadneset 11
HAVBRUKSKLYNGE: Sølvtrans-reiarlaget har allereie samabeida fast med lokale verft om å bygge brønnbåtar. No har dei innleia eit meir forpliktande samarbeid med MMC First Process som utstyrsleverandør. Førre veke inviterte dei til pressekonferanse for å fortelje om avtalen. Foto: Marius Rosbach
Analyser

Milliardavtale som vil vekse

Sølvtrans og MMC First Process har lært av offshoresuksessen i den maritime klynga. Er det grunn til å frykta dei same feila?

Marius Rosbach
13.06.2021

ANALYSE:

Dei som følgde pressekonferansen på MMC First Process si avdeling på Mjølstadneset førre veke forstod at nyheita som skulle presenterast, var noko utanom det vanlege.

Med eit solid pressekorps til stades, digital direktesending og Harald Nesvik frå Sølvtrans som «dirigent», blei avtalen lagt på bordet.

Partnarskapen betyr ein milliard i omsetning for MMC dei neste åra og levering av utstyr til heile 19 Sølvtrans-båtar. For regionen er den verdt langt meir.

Petter leon fuaske roger halsebakk signering foto marius 11
MILLIARDKONTRAKT: For Petter Leon Fauske (t.v.) og MMC First Process betyr avtalen kring ein milliard i omsetning dei neste åra. Roger Halsebakk trekk fram tryggleik som ein fordel reiarlaget får av avtalen. Foto: Marius Rosbach

Avtalen er også eit klassisk eksempel på noko maritime bedrifter i regionen har god tradisjon for: Samarbeid.

Seinaste døme på korleis den maritime klynga har lært av kvarandre og spelt kvarandre gode, er oppturen med bygging av offshoreskip. I takt med oppgangen i oljeprisen blei det bygd stadig nye skip. Verdiskapinga var enorm, med ringverknader som bidrog sterkt til at det er liv laga å bu i ein grisgrendt region som Nordvestlandet.

Partnerane i offshoreoppturen var ofte dei same. Verft, reiarlag og leverandørar utvikla langvarige samarbeid – ikkje ulikt det Sølvtrans og MMC First Process gjer med avtalen som blei signert førre torsdag.

MMC First Process-sjef Petter Leon Fauske trekte også linjene dit då han fortalde om avtalen.

– Det maritime clüsteret har vore heilt avgjerande for utviklinga av regionen. Vi er også viktige for regionen, og er verdsleiande på kvar våre område. Det vi er i ferd med å gjere no, er å bygge i ny havbruksklynge, sa han og sette signaturen på arket.

Ein av feila som offshorereiarlaga fekk kritikk for etter dei gjekk over ende, var at dei i for stor grad satsa for mykje av det dei tente på «same hesten».

Det er ei innvending som iallfall treff dårleg når det gjeld brønnbåtreiar Roger Halsebakk. Rett nok har han bygd opp Sølvtrans til å bli verdas største på marknaden – og han flytta symbolsk nok inn i dei tidlegare Farstad-kontora på Skansekaia då offshorereiarlaget mista fotfeste i Ålesund. Men investeringane til sandsøyværingen berre den siste tida strekk seg frå reiselivsatsing på heimebane med Rosenlund, til droneproduksjon i Sykkylven og bioteknologi i Ulsteinvik.

Sølvtrans-reiaren har vore ei båtlengd føre dei fleste i bransjen sidan han for meir enn 20 år sidan starta å frakte laksen i lukka system. Sidan har dei laga eige design på brønnbåtane – som dei har bygd og utvikla saman med lokale verft – i første rekke Aas Mekaniske Verkstad i Vestnes og Myklebust Verft i Sande.

Ved å binde seg til MMC First Process som utstyrsleverandør, går dei steget lengre. Til gjengjeld får Sølvtrans mellom anna tryggleik.

– Vi kjenner folka som skal levere til oss, og dei får gjere opp igjen og opp igjen produkta på kvar båt. Samtidig kjenner vi dei som leverer datavaren og systema som styrer alt om bord. Vi er også sikre på at vi har reservedelar tilgjengeleg, og ikkje blir liggande fordi vi ikkje når leverandørar, sa Halsebakk.

– Å halde på med tull og tøys når båten er levert, har vi ikkje tid til, la han til.

Ronja vest sølvtrans brønnbåt skrog foto myklebust verft 11
MARKNAD I VEKST: Ronja Vest er berre ein av ei reke brønnbåtar Sølvtrans har bygd ved Myklebust Verft dei siste åra. Flest båtar har reiarlaget bygd ved Aas Mekaniske Verksted i Vestnes. Foto. Myklebust Verft

Dei to partnarane har også andre motiv med å gå inn i eit slikt samarbeid.

Lokal verdiskaping har lenge vore eit mantra for Sølvtrans-reiaren. MMC First Process-sjefen understrekar at dei med partnarbedrifter sysselsett opptil 400 personar – dei fleste på Sunnmøre.

19 skip med ein prislapp på kring 450 millionar kroner kvar, betyr at nybyggingsprogrammet til Sølvtrans truleg utgjer ordrar for 8,5 milliardar. Etter at skrogbygginga i utlandet er trekt frå, utgjer det framleis meir enn seks milliardar i omsetning for norske bedrifter – i hovudsak på Nordvestlandet.

– Vi treng godt med arbeidsplassar for å leve og bu her - og det kan vi bidra med, påpeika Halsebakk etter MMC-avtalen var skriven under.

Filosofien minner mykje om den klynga hadde under offshoreoppturen. Det same gjer satsinga på å bygge ut flåten. At det blei bygd for mange båtar førte til at den sterke reiarklynga som Sunnmøre hadde i oljeservice, kollapsa i løpet av få år.

Sølvtrans og resten av brønnbåtbransjen har også i fleire år surfa på ei medgangsbølgje, med stadig større båtar og vekst i marknaden. Men faren for overkontrahering – at det blir bestilt fleire båtar enn marknaden kan ta i mot – virkar likevel ikkje overhengande når det kjem til brønnbåtmarkanden. Rettare sagt, langt i frå.

Det er også verdt å merke seg at dei to partnerane langt frå er dei einaste aktørane i denne marknaden, som held til på Nordvestlandet.

Bransjen sjølv har klokkartru på at nybyggingstakta vil halde fram og auke. I dag er det kring 30 brønnbåtar i bestilling frå marknaden, og oppdraga utgjer ein viktig del av arbeidet til norske verftsarbeidarar.

Samtidig er den internasjonale marknaden i vekst. Den norske flåten er i ferd med å gå frå å betene innlandsmarknaden, til å vekse globalt. Ein av Sølvtrans sine nyaste båtar er i arbeid i Australia, og tilbakemeldingane er at reiarlaget leverer ein kvalitet som ingen andre kan måle seg med.

Med andre ord bør det vere gode grunnar til at både reiarlag, leverandørane deira og verfta som byggjer båtane, vil ha meir enn nok å gjere i mange år framover.

Publisert: 13.06.2021 05:55

Sist oppdatert: 18.06.2021 09:49

Mer om