Kjell Arne Aurstad Bård Thorsen foto Ogne
IKKJE RISIKO: Aktor Bård Thorsen frå Økokrim, styreleiar Kjell Arne Aurstad i K.A. Aurstad (innfelt). I verste fall ville det omstridde maskinsalet føre til at transaksjonen vart gjort om, slik Aurstad forklarte seg i retten. Foto: Ogne Øyehaug
Nytt

Frykta ikkje omstøyting

Styret frykta ikkje ei eventuell omstøyting av maskinsalet til søsterselskapet Aurstad Maskinutleige om K.A. Aurstad skulle gå konkurs.

20.04.2021

Det kom fram i forklaringa til Kjell Arne Aurstad i straffesaka mot Cato Aurstad i dag. Kjell Arne Aurstad er far til Cato Aurstad, grunnleggar av Aurstad-konsernet, og var styreleiar i K.A. Aurstad, som var det største selskapet i konsernet med over 200 tilsette før konkursen 6. desember 2018.

I oktober 2018 selde K.A.Aurstad maskinparken til Aurstad Maskinutleige for 20 millionar kroner. Poenget, ifølgje Cato Aurstad si forklaring tidlegare i rettsaka, var å skaffe likviditet for å sikre vidare drift av K.A.Aurstad. Cato Aurstad vart hovudaksjonær etter eit generasjonsskifte i 2013.

Det var ein kraftig underpris og ein handel som gjekk ut over kreditorane, som Cato Aurstad er ansvarleg for, meiner Økokrim. Det er grunnlaget for at det er reist straffesak mot han. Rettsaka i Søre Sunnmøre tingrett starta i førre veke og blir ferdig denne veka.

Beslag i maskinpark
Etter at K.A.Aurstad gjekk konkurs 6. desember 2018 tok bustyrar Håvard Wiker beslag i maskinparken, med grunngiving at Aurstad Maskinutleige ikkje hadde rettsvern for den kjøpte maskinparken.

22. desember 2018 blei dei inngått eit forlik, der Aurstad Maskinutleige overtok omlag ein fjerdepart av maskinparken for 9,5 millionar kroner.

Resten vart seinare seld på auksjon i regi av buet. Samla fekk buet inn over det dobbelte for maskinparken enn kva Aurstad Maskinutleige i første omgang betalte.

-Heilt greit
Kjell Arne Aurstad sa i si forklaring at styret diskuterte kva som ville skje i samband med maskinsalet dersom DNB, som var hovudbanken til K.A. Aurstad, skulle seie opp låneengasjementet sitt.

Ifølgje Kjell Arne Aurstad sa rådgivarane at selskapet måtte rekne med ein omstøytingsprosess. Han viste til Johan Ratvik i DLA Piper og Johs Aspehaug i Øverbø Gjørtz på spørsmål frå aktor om kven som sa at ein måtte rekne med ei omstøyting.

- Det var heilt greit, då vi fekk forklart kva ei omstøyting var, sa Kjell Arne Aurstad.

Han såg usemje om pris - ikkje spørsmål om underprising - som eit utgangspunkt for eit eventuelt krav om omstøyting, og såg difor ikkje nokon risiko ved å gjennomføre handelen.

- Så lenge du kan avslutte med at du kan levere frå deg den heile og fulle pakken, så var dette trygt, sa Aurstad.

Rask vekst
Den økonomiske situasjonen for K.A. Aurstad forverra seg utover 2018.

Hausten 2018 vart rådgivingselskapet Recore leigd inn for å hjelpe selskapet med å finne ut kva som måtte gjerast for å få selskapet ut av krisa og over til lønsam drift. Kostnaden med å leige inn Recore vart delt 50/50 mellom DNB og K.A. Aurstad.

Recore hadde tre veker til rådvelde og levert sin rapport i slutten av oktober. Undervegs i arbeidet vart Runar Nilsen, som leidde Recore sitt arbeid med oppdraget, orientert om at maskinesalet.

Det var ein reaksjon han reagerte kraftig på, fortalde han i si forklaring i retten i dag.

- For å seie det folkeleg så blei eg ganske forbanna, sa Nilsen.

Han reagerte både på å ikkje ha blitt orientert om diskusjonen før avgjerda å selje maskinparken til søsterselskapet, og fordi han frykta salet ville gjere at DNB miste tilliten til K.A. Aurstad, som han meinte var avgjerdane for å kunne berge selskapet,

- Eg følte at de slo beina under sannsynlegheita for å få til ei løysing med DNB, sa Nilsen.

Recore tilbaud seg å arbeid vidare med å finne ein løysing for K.A. Aurstad, etter at det opphavlege oppdraget var over i oktober, men fekk ikkje forlenga oppdrag.

På spørsmålet frå forsvaret om korleis han vurderte sjansen til framleis drift i samband med at Recore tilbaud seg å arbeide vidare med K.A. Aurstad sa han:

- Viss ein gjorde det vi foreslo og hadde støtte frå banken så var det i alle partar si interesse å forsette, sa Nilsen.

Han skildra K.A.Aurstad som eit selskap som hadde hatt ein kraftig vekst, utan at ein tilsvarande naudsynt vekst på administrasjonssida.

Blant det som var problemet for K.A. Aurstad var både svak prosjektstyring og prosjektrapportering, ifølgje Nilsen.

Meir om saka under:

Publisert: 20.04.2021 12:35

Sist oppdatert: 20.04.2021 13:21

Mer om