Frå spekepølser og nylonskjorter til Grandis
Bli med inn på utstillinga som fortel om den unike industrihistoria på Stranda.
(NPK- Bent Tandstad): Veit du kvar den første norske dongeribuksa eller ferdigpizzaen vart laga? Eller kvar den norske møbelindustrien starta?
Svaret er Stranda kommune i Møre og Romsdal.
No har eit par meir enn normalt aktive pensjonistar lagt ned eit stort arbeid for å samle industrihistoria til det som har vore kalla den kvite bygdebyen ved Storfjorden. Og det er ikkje småtteri dei har fått til. I eit lokalet på 600 kvadratmeter er 125 verksemder representerte i ei utstilling.
Den tidlegare journalisten og redaktøren Helge Søvik (84), og næringslivsmannen Reidar Lunde (75) tek i mot oss i PI-bygget, eit tidlegare fabrikklokale i sentrum av Stranda, der utstillinga har fått plass.
Størst på møblar
– Møblar, pølser og konfeksjon har vore berebjelkane i industrien i bygda. P.I. Langlo la grunnlaget for det som skulle bli industrialiseringa av den norske møbelproduksjonen. På det meste var det 240 tilsette ved fabrikken, som var den største i Norden i mellomkrigstida, fortel Helge Søvik.
– Jens Ekornes, som seinare starta møbelgiganten Ekornes, som i dag er den største i Nord-Europa, gjekk i lære på Stranda, før han starta for seg sjølv i nabobygda Sykkylven, legg Reidar Lunde til.
I kjølvatnet av P.I. Langlo dukka det opp mange møbelfabrikkar i kommunen, men no er det berre Slettvoll att. Dei har stor suksess med møblane sine, med eigne butikkar i dei fleste større byane her i landet og mange også i utlandet.
Ein rusletur i lokalet gir oss mange aha-opplevingar. Her er informative tavler med tekstar på norsk, engelsk og tysk. Det er mange historiske bilete på veggane, og det er eit stort utval av produkta som industrien i bygda har levert opp gjennom åra.
Her finn vi den første nylonskjorta som vart produsert i Noreg, det skjedde i 1952. Nylonskjorter var stort i England, og skjortefabrikken Alvo lanserte den første norske varianten. Og eit eksemplar av skjorta heng i ein monter på veggen.
Merkevara Alvo eksisterer den dag i dag, men all produksjonen er flytta til utlandet. Alvo vart kåra til «Årets bedrift» i Noreg i 1965.
Ola-bukser og pølser
Går vi vidare kjem vi til det som var den første dongeribuksa som vart produsert her i landet. Tidlegare var dongeri brukt berre i arbeidstøy. Men i USA blei det moderne med dongeribukser som fritidstøy, og trenden vart fanga opp av Møreklær. Slik starta produksjonen av Ola-buksa, som vart det norske namnet på amerikanske jeans. Og mange brukar faktisk det uttrykket enno.
– Det var tre store konfeksjonsfabrikkar på Stranda, Alvo, Strakofa og Møreklær. På det meste jobba det 300 syersker på desse fabrikkane. Særleg mange kvinner kom hit frå Trøndelag og Nord-Noreg for å sy klede på Stranda, fortel Helge Søvik.
Reidar Lunde skyt inn at mange av dei fann seg ektefelle i bygda og vart verande.
Stordomstida for konfeksjonsindustrien var på 1950- og 1960-talet, opplyser dei to pensjonistane.
Ringstad pølsefabrikk starta som mykje av industrien i ein kjellar i 1884. Selskapet utvikla seg til å bli størst i Skandinavia på pølser og spekemat, og dei hadde sin eigen grisefarm med 1200 grisar. Fabrikken vart seinare kjøpt opp av Nora og seinare overteken av Stabburet, som i dag er ein del av Orkla-konsernet.
Pizza Grandiosa
Konsernet starta ein heilt ny produksjon på Stranda, nemleg ferdigpizza. Dei fleste i dag har nok høyrt om Pizza Grandiosa og det nye industrieventyret i bygda, seier Helge Søvik. Dette var noko heilt nytt då produksjonen starta.
Stranda Spekemat har halde fram spekemattradisjonen. I dag kjenner dei fleste til Strandaskinka, som har vorte ein stor kommersiell suksess. I tillegg er det fleire andre bedrifter innanfor produksjon av næringsmiddel i kommunen.
Heile utstillinga er svært profesjonell. Det slår oss at ho ikkje står tilbake for det ein får presentert på eit museum. Og responsen frå publikum har vore svært god, kan dei to initiativtakarane fortelje.
– Fleire har sagt til oss at denne utstillinga er heilt unik ved at vi har teke med heile industrihistoria, ikkje berre ein bransje. Både dei lokale og tilreisande har vore svært nøgde med det dei har sett, seier Helge Søvik.
Gullgraving og elektrisk kraft
Søvik og Lunde minner om at Stranda var tidleg ute med produksjon av elektrisk kraft, det var det ein strandar som hadde tent pengar på gullgraving i Klondyke som sytte for. I tillegg fekk bygda tidleg bank og forsikringsselskap, og på den måten var det lagt eit grunnlag for ei industriell utvikling.
Opel produserte spesialbygde bilar i kommunen, men det skjedde i den vesle turistbygda Geiranger. Karl Mjelva, oldefar til den noverande drivaren av Union Hotell, flytta dit frå Åndalsnes då han og kona overtok hotellet. Men han var også sterkt mekanisk interessert, og han forstod at det gjekk mot slutten på tida då turistane vart frakta med hest og kjerre.
– Han fekk med seg Bertel O. Steen, som var hovudimportør av Opel i Noreg, til Tyskland, der dei fekk produsert bilar som kunne brukast på dei smale vegane i Geiranger. Han bygde også ein vognfabrikk slik at delar av bilane kunne byggjast i bygda, fortel Helge Søvik.
Det høyrer med til historia at Mjelva starta produksjon av elektriske steikjeomnar i Geiranger, og eit eksemplar frå 1910 er å finne i utstillinga. Mjelva fabrikkar vart seinare slått saman med Grepa i Ørsta og heitte ei tid Grepa og Mjelva fabrikkar.
Publisert: 10.04.2024 16:48
Sist oppdatert: 10.04.2024 23:33