Fullklaff med lanseringstidspunkt
Mørenot har testa ut ei ny oppdrettsmerd sidan i fjor sommar. Då den skulle lanserast fekk selskapet ekstra drahjelp av fiskeriministren sjølv.
Før Aqua Nor 2021 opna døren i dag varsla fiskeriministeren at oppdrettarar som oppfyller nye og strengare milljøkrav kan få auke produksjonen.
Mørenett si nye not er laga for å kunne samle opp 60-70 prosent av alle avfallspartiklar frå oppdrettsfisken, frå avføring til fôrrestar.
Det er heilt i samsvar med eitt av krava oppdrettarane må innfri for å oppfylle krava frå fiskeriministeren for å kome inn under den nye ordninga.
Mørenot fekk også besøk av ministeren på standen sin, etter at han hadde stått for den offisielle opninga oppdrettsmessa Aqua Nor 2020 i formiddag.
Eitt års vekst
- I første omgang har regjeringa opna for 15.000 tonn, det vil seie eitt års normal vekst (i oppdrettsnæringa, red. merk)... og så er vi opne for at det kan aukast, seier fiskeriministern om kor omfattande produksjon som skal bli lov under den nye ordinga.
Målet er å vere ferdig med høyringsrunden og sette det nye regelverket ut i livet i år.
I tillegg til å samle opp avfall må dei nye anlegga ikkje sleppe ut lakselus eller lakselusegg, og også vere rømmingssikre.
Innovasjonssjef Yngve Askeland i Mørenot Aquaculture seier Mørenot ønsker å utvikle den nye nota slik at den vil tilfredsstille krava etter den nye ordninga, slik det blir når høyringsrunden er ferdig.
Biogass
Mørenot si nye oppdrettsnot har vanlege maskar øverst og er finmaska nederst, med ein slamoppsmalar i botnen. Frå oppsamlaren blir slammet sygd inn i ein oppsamlingstank og frakta til land for å blir brukt i biogassanlegg eller omdanna til gjødsel.
Den nye nota er utvikla i samarbeid selskapet Liftup, som lagar slamoppsamlaren og avfallshandteringsselskapet Ragnsells.
Den nye nota har vore testa ut på eit Lerøy Seafood Group-anlegg ved Osterøy. Eitt av motiva for å utvikle nota har vore å kunne innfri miljøkrav til opne anlegg på lokalitetar som har miljøproblem, ifølgje innovasjonssjef Yngve Askelsna
Publisert: 24.08.2021 13:13
Sist oppdatert: 25.08.2021 00:24