Randi Paulsen Humborstad 2020
STOR INTERESSE: Randi Humborstad i Måløy Vekst har tatt i mot over 180 påmelde til sjømatkonferansen i Måløy. Målet er at den skal bli eit fast arrangement annakvart år. Foto: Kjetil Haanes
Nytt

Fullt hus på sjømatkonferanse

Trass i korona samlar sjømatkonferansen i Måløy like mange som for tre år sidan.

31.08.2021

Berekraftig vekst er tema for Sjømatkonferansen 2021 i Raudeberg, ved Måløy, tysdag.

Følg konferansen direkte, eller sjå den i opptak:

Vilkåra for foredling av fisk i Noreg, status for algedyrking, torskeoppdrett og landbasert lakseoppdrett på land blir belyst på konferansen. Det blir også verkemidla for å nå regjeringa sine mål for å redusere utsleppa av CO2. Klima- og miljøminister Sveinung Rotevatn skal halde eit innlegg på konferansen.

Over 180
Konferansen har passert 180 påmelde, like mange som deltok då den vart arrangert for første gang for tre år sidan.

Les heile programmet her

Det er Måløy Vekst og Vestland fylkeskommune som er arrangør.

Annankvart år
I fjor måtte konferansen leggast på is på grunn av koronaepidemine og smitteverntiltak.

Planen er å arrangere konferansen annakvart år, og den store påmeldinga i år aukar sjansen for at konferansen er komen for å bli.

Publisert: 31.08.2021 05:55

Sist oppdatert: 31.08.2021 10:05

Mer om