Offshore går frå gult til grønt flagg i Sparebank 1 SMN sitt ferske konjunkturbarometer for Midt-Norge, som brukar grønt, gult eller raudt flagg for å markere status for ulike bransjar.
Medan banken friskmelde offshorebransjen i førre runde, er status og utsikter for bransjen enno lysare ut i dag.
– Det har berre gått ein veg, og i dag er det fullt trykk med bra og lange kontraktar, seier banksjef Jan Rune Hurlen i Sparebank 1 SMN til Nett No.
– Fulle verft på Sunnmøre er alltid eit godt teikn
Før helga kom den siste gode nyheita frå bransjen.
Då kunne Rem Offshore fortelje om eit åtte-årskontrakt med Equinor, som utløyste behov for å bygge nytt hos Myklebust Verft.
– Ei slik kontrakt med Equinor var utenkeleg for berre eit år sida. No er verfta praktisk talt fulle – og fulle verft på Sunnmøre er alltid eit godt teikn. Då er det også mange underleverandørar som har arbeid, legg Hurlen til.
Banken vurderer at det er god balanse i marknaden av skip til både offshore, subsea og vindkraftindustrien.
Reiarlaga melder om betre marginar, auka kontraktstraum og betre kapitalmarknad, ifølgje barometeret.
Sjå konjunkturbarometeret her (ekstern lenke)
Banksjefen spent på julehandelen
Barometeret viser teikn til betring, men at det er framleis tøffe tider for enkelte bransjar.
Møbelindustrien er mellom dei som slit, og undersøkinga viser eit kraftig fall i kjøp av sokalla «ikkje nødvendige varer» dei siste par åra.
– Folk er i arbeid og det er framleis pengar mellom folk, men psykologien spelar inn då lenge det er høgare rente, er folk litt avventande, seier Hurlen.
Banksjefen er spent på korleis julehandelen slår ut, og om den bergar året for varehandel - eller om det blir eit nytt tøft år.
– Butikkane i Norge har ikkje klart å ta ut meirkostnaden varene deira har fått på grunn av valutakursane. Det går sterkt utover innteninga deira, seier han.

Betalar 12,4 milliardar i auka rente
Auka rente er mellom det som påverkar forbruksmønsteret til folk flest. I Midt-Norge har det gjort at lånekundane har fått om lag 12,4 milliardar mindre kroner å nytte til andre formål.
– Det er ganske store summar som elles ville bli brukt på bilar, båtar og hus, som i staden endar som rentebetaling, seier Hurlen.
Samtidig har forventingane stige sidan sist, og er no tilbake på normalen. Det skuldast at bedriftsleiarane har betydeleg større trua på auka omsetning det komande året.
Raudt lys for bygg- og anlegg
Temperaturmålaren viser samtidig at bygg- og anlegg går frå gult til raudt.
Trass i at byggeaktiviteten framleis går ned, og konkurstala for bransjen er aukande i regionen, ser banksjef Hurlen ein viss grad av optimisme.
– Om vi får signal om rentenedgang kan dette fort endre seg for både varehandel og bygg- og anlegg, seier han.
Samtidig som bustadbygginga er historisk låg, er situasjonen verst for dei som bygger hytter.
– Det har det vore ei dramatisk nedgang, påpeiker Hurlen.
Sjå konjunkturbarometeret her (ekstern lenke)
Publisert: 25.11.2024 13:17
Sist oppdatert: 25.11.2024 18:56