Dagfinn Neteland Fjord 1 foto Ogne
MEDHALD: Fjord 1-sjef Dagfinn Neteland jar fått medhald i retten i ein strid med Møre og Romsdal fylkeskommune. Foto: Ogne Øyehaug
Nytt

Fylkeskommunen tapte mot Fjord1

Kravde 20,9 millionar kroner. Fekk ingenting.

30.08.2023

Fjord 1 og Møre og Romsdal Fylkeskommune strides om ferjeselskapet har fått for mykje betalt for å drive ferjestrekningar på Sunnmøre i åra 2010-2020. No er ferjereiarlaget frikjent i Oslo Tingrett.

Møre og Romsdal Fylkeskommune meinte den hadde betalt ut 20,9 millionar kroner for mykje i såkalla rabattkompensasjon til Fjord 1, og gjekk til erstatningssak.

Rabattkompensasjon er ein kompensasjon til ferjereiarlaga dersom rabattane i offentlege ferjesamband blir endra av styresmaktene i avtaleperioden, slik at billettinntektene til reiarlaga går ned.

Fjord1 viste til forlik i fjor
Fylkeskommunen meinte Fjord 1 hadde fått for mykje utbetalt, medan ferjereiarlaget meinte usemja om rabattkompensasjonen var avgjort gjennom eit forlik reiarlaget og fylkeskommunen/Statens Vegvesen inngjekk i desember 2022 - som også omfatta fleire strekningar.

I forliket forplikta Fjord 1 seg til å betale 15 millionar kroner til Statens Vegvesen, 28,4 millionar til Møre og Romsdals Fylkeskommune og 1,6 millionar kroner til Vestland fylkeskommune.

I januar i år kom Møre og Romsdal fylkeskommune med kravet om ytterlegare 20,9 millionar kroner. Rettsaka vart halden 17. og 18. august.

Kritikk av begge partar
Til Kystens Næringsliv
, som først omtalte dommen, seier seksjonsleiar Jesper Wig i Fram att det no vil bli brukt litt tid på å lese dommen, før det blir avgjort kva som blir gjort vidare.

Fram organiserer kollektivtilbodet i fylket og er eigd av Møre og Romsdal fylkeskommune.

I dommen får begge partar kritikk for å ha medverka til at det blei eit rettsak. Etter forliket om rabattkompensasjon for fleire ferjesamband som blei inngått i desember 2022, burde begge partar ha forsikra seg om at dei hadde ei felles forståing om kva forliket omfatta.

Fylkeskommunen burde presisert at den ville sende eit eige krav knytt til rabattkompensasjonen retten nettopp har tatt stilling til, og Fjord1 burde presisert at selskapet meinte også det kravet var omfatta av forliket, ifølgje dommen.

Fylkeskommunen sitt ansvar
Det er fylkeskommunen som må ta konsekvensen av at forliket frå desember 2022 ikkje var klart nok:

«Rettens konklusjon er etter dette at fylkeskommunen må bære risikoen for at man under rettsmeklingen ikke fikk etablert noen felles forståelse mellom partene om at postene som vår sak gjelder ikke var en del av den løsningen som ble fremforhandlet. Fylkeskommunens krav i vår sak må derfor ansees som oppgjort ved den inngåtte forliksavtalen. I og med at avtalen er utenomrettslig, og ikke et rettsforlik, må konsekvensen av dette være at Fjord 1 frifinne for søksmålet fra fylkeskommunen», heiter det i dommen.

Publisert: 30.08.2023 10:17

Sist oppdatert: 30.08.2023 11:00

Mer om