Få delar lagar mykje trøbbel
Mangel på nokre få delar kan hindre Stryn-bedrifta i å sette solid inntektsrekord. Også rekrutteringa er sett på vent.
Etterspørselen etter Stryn-bedrifta Vendanor sine gassbehaldar-automatar har aldri vore større.
I haust skal automatane også lanserast i Tyskland, som er ein ny marknad for selskapet.
Rekordtjukk ordrebok
Så langt i år har selskapet selt, eller fått bestilt automatar for tilsaman 40 millionar kroner. Det er meir enn dei samla driftsinntektene selskapet hadde i førre rekordår, i 2019, då driftsinntektene nådde 37 millionar kroner.
Når Vendanor-sjef Harold Wieldraaijer likevel ikkje er trygg på at selskapet set inntektsrekord i år skuldast det uvissa om når alle delane selskapet treng til produksjonen blir levert.
Så lenge delane manglar er det ikkje råd å gjere automatane ferdig og sjølve handelen gjerast.
Meir enn dobla lageret
Etter brems i det første koronaåret tok marknaden seg opp i fjor (sjå tabell under).
Vanskar med å få tak i deler og uvisse om når dei kom fekk Vendanor til å meir enn doble lageret av alle komponentane selskapet treng til å lage automatane sine. I dag ligg er komponentar for ni millionar på lager, for kort tid sidan var verdien av komponentane fire millionar.
Utfordringa er alt alle delane til automaten må vere på plass for å kunne lage ein ferdig automat. Problemet er mangel på nokre få delar, og det er blitt ein flaskehals for bedrifta.
I dag har Vendanor 15 tilsette. Uvissa om korleis produksjonen blir har mellom anna gjort at Wieldraaijer har utsett rekruttering til tre-fire nye stillingar.
Vendanor as | ||
Tal i mill. kroner | 2021 | 2020 |
Driftsinntekt | 29,6 | 21,2 |
Driftsresultat | 2,9 | 2,0 |
Resultat før skatt | 2,9 | 2,1 |
Spunne ut av industrimiljø
Vendanor blei stifta i 2013. Det er eit selskap som blei spunne ut av miljøet i og rundt industriselskapet Nomek i Stryn.
Verksemda er å utvikle, produsere og selje gassbehaldarautomatar - der du kan bytte din tome gassgrill med ein full når som helst på døgnet.
I år har selskapet også lansert spyleveskeautomatar.
Etter vekst kvart år fram til og med 2019, vart koronaåret 2020 ein nedtur for selskapet. Driftsinntektene fall til 21 millionar kroner, frå 37 millionar i 2019.
Pandemien og smitteverntitak gjorde at marknaden bremsa opp i 2020, men det tok seg opp att i 2021.
Største aksjonær i selskapet er Grandevegen Invest (49 prosent), der Arild Bødal, Sandbakkfamilien i Stryn, Johny Birkeland, Elias Loen og Bjørn Aage Flo er medeigarar.
Publisert: 05.07.2022 05:00
Sist oppdatert: 05.07.2022 11:25