Nytt
Vard kan opne for full drift
Ingen positive testar på Vard Langsten.
19.05.2021
Vestnes kommune opphevar den lokale smittevernforskrifta etter at ingen testa positivt på siste runden med testar av tilsette på Vard Langsten. Det melder kommunen i kveld.
Det betyr at Vard Langsten kan opne for full drift.
Vard Langsten blei stengt 11. mai, i påvente av testing av alle tilsette etter koronasmitte. Dei siste testsvara er no klare, og i og med at ingen er smitta kan alle tilsette vere i arbeid frå og med torsdag 20. mai klokka 24:00.
Tidlegare har også verftet i Brattvåg vore stengt.
Les også
Publisert: 19.05.2021 23:00
Sist oppdatert: 19.05.2021 23:12