Seadream yacht club januar 2021 innfelt synnøve johnsen foto marius 11
MÅ VENTE: Dei Atle Brynestad-eigde Seadream-skipa til kai i Ålesund. Cruisekoordinator Synnøve Johnsen veit førebels lite om korleis sesongen blir i år. Foto: Marius Rosbach
Nytt

– Får inn avbestillingar heile tida

Det var meldt inn rekordmange cruiseanløp i Ålesund før sesongen. Slik blir det ikkje.

Marius Rosbach
08.03.2021

Om ein ser isolert på cruisebestillingane framfor sesongen låg det an til ny rekord for anløp til Ålesund i år. Som følgje av koronapandemien er det ingen stor overrasking at det ikkje slår til.

Og korleis det blir er førebels heilt i det blå.

– Vi hadde meldt inn 278 anløp på førehand, men no får vi inn avbestillingar heile tida. Per i dag er vi nede på 192 anløp, fortel cruisekoordinator Synnøve Johnsen i Ålesundregionens havnevesen til NETT NO.

Nær firedobla sidan 2010
Nivået på førehandsbestillingane utgjer ei betydeleg auke frå førre «normalår» i 2019, då det kom 177 skip til Ålesund.

Om ein ser lengre tilbake, er talet på cruiseanløp nær firedobla sidan det var 74 anløp i 2010.

– Vi hadde eit kraftig hopp i 2012 då fiskeri- og cruisekaia på Stornespiren blei bygd, fortel Johnsen.

Per no ser det uansett ut til at både juni og juli kjem til å forsvinne frå sesongen
Synnøve Johnsen

Reknar med at juni og juli ryker
Cruisekoordinatoren fortel at dei er klare til å ta i mot dei som kjem, og at det er laga smittevernprosedyrar for korleis det skal gjerast, i tett samarbeid med kommuneoverlegen.

Per i dag er det ei avgrensing på 100 passasjerar på cruisereiser, men det vil truleg ikkje vere aktuelt med nokon form for cruise før innreiseforbodet til landet er oppheva.

– Selskapa fortel at dei treng ein månad eller to frå nytt regelverk er klart, til dei kan starte opp att seglasane. Per no ser det uansett ut til at både juni og juli kjem til å forsvinne frå sesongen, legg Johnsen til.

(saka held fram under)

Ålesund hamn landstraum opplag foto ålesundregionens havnevesen 22
OPPLAG: Hurtigruten hadde planlagd auka satsing på cruise, men må vente til smitteverntiltaka som følgje av koronapandemien blir avvikla. Foto: Ålesundregionens Havnevesen

Stor auke i «skuldersesongen»
Mykje av auken i dei planlagde anløpa for sesongen dreier seg om Hurtigruten sine ekspedisjonsskip. Reiarlaget har planar om cruiseseglasar året rundt.

Om ikkje pandemien hadde slått til, ville truleg 2021 vore det første året med cruiseanløp kvar månad heile året.

– Vi har stor auke for heile året, og spesielt i mai, april og oktober då vi har omlag ei dobling av planlagde anløp, fortel Johnsen.

Spenning kring nye utsleppskrav
Det har vore spekulert i at utsleppskrava som vil gjelde for verdsarvfjordane frå 2026, vil føre til at mange cruiseaktørar droppar norgesbesøk. Så langt har ikkje cruisekoordinatoren fått slike signal.

– Så langt er det ingen som har gitt tilbakemelding om at det vil påverke deira besøk til Norge, eller at dei ikkje vil kome hit, seier Johnsen.

Bestillingane i 2022 er allereie på nivå med 2021. Samtidig er det meldt inn betydelege anløp i 2023, i tillegg til ein del for 2024 og 2025.

Publisert: 08.03.2021 16:06

Sist oppdatert: 08.03.2021 16:37

Mer om