Store delar av maritim industri har vore gjennom nokre tøffe år med sviktande marknader for bygging av nye skip. Likevel er studentane som går ingeniørutdanningar ved NTNU i Ålesund svært ettertrakta og opplever gode tider på jobbmarknaden.
Professor Henrique Gaspar ved institutt for havromsoperasjonar og byggteknikk fortel at dei merkar lite til pessimismen som pregar delar av industrien.
– Det som er vanskeleg er å få nok studentar til den maritime industrien. Studentane våre får gode jobbar og dei har alle masse moglegheiter, fortel han til NETT NO.
Blir kopla med lokale bedrifter
NTNU-professoren fortel at det er blitt ein tøffare kamp om studentane frå ingeniørutdanningane i kjølvatnet av koronapandemien.
– Dei som er ferdige hos oss opplever at det er bra med jobbar og at bedriftene har vanskeleg med å finne kvalifiserte folk, legg han til.
Han fortel at studentane deira blir kopla saman med lokale bedrifter der dei jobbar med ulike prosjekt.
– No har vi tre studentar som jobbar hos Ulstein Group, og vi har andre som har vore hos bedrifter som Vard, Offshore Simulation Centre og Kongsberg Maritime.
– Éin av grunnane til at dei får jobb, er fordi dei har med seg mykje god erfaring, påpeiker han.

Mange søkjarar frå utlandet
Studieprogramma for skips- og maskiningeniørar er mellom utdanningane ved NTNU som får mange søkjarar frå utlandet.
– Det er gjerne fem-seks plassar som går til studentar utanfor EU. Vi har hatt kring 80 søkjarar til desse plassane, så det er sterk konkurranse om å kome inn, seier Gaspar.
Mange av desse internasjonale studentane blir verande og skaffar seg jobbar på Nordvestlandet.
– Lokalt her på Sunnmøre treng vi å rekruttere internasjonalt, og det er etter kvart mange utanlandske ingeniørar i den maritime industrien her i regionen, seier han.
Tekna: Beste jobbmarknaden på ti år
Jobbutsiktene NTNU-professoren fortel om rimar med rapportane frå arbeidstakarorganisasjonar som Tekna og Nito. Her endar mange av studentane hans opp som medlemmar etter utdanninga er ferdig.
Arbeidsmarknaden for nyutdanna masterkandidatar i teknologi og realfag er svært sterk - og har ikkje vore betre på ti år, ifølgje Teknas arbeidsmarknadsundersøking for 2022.
93,4 prosent av alle som avslutta studia sommaren 2022 var i arbeid fem månader seinare. Berre 3,5 prosent var aktivt arbeidssøkjande på det tidspunktet.
Til samanlikning rapporterte over 16 prosent at dei var arbeidsledige i 2016, då krisa i oljesektoren hadde ramma arbeidsmarknaden.
Maskinteknikk, matematikk, realfag, IKT, planfag og bygg og anlegg er fagområda der flest nyutdanna har fått jobb.
Nito: Aldri hatt høgare sysselsetting
Regionsjef Stian Nyhus i Nito Vest kunne nyleg fortelje at dei aldri har opplevd tilsvarande høg sysselsetting som i dag.
Sogn og Fjordane er mellom regionane som har lågast arbeidsløyse i landet av Nito-medlemmane på 0,55 prosent. I Møre og Romsdal er 1,07 prosent registrert som arbeidsløyse, som framleis er godt under snittet for heile befolkninga.
Nito-medlemmar nord i Rogaland og Sunnhordland har den lågaste arbeidsløysa i heile landet med 0,5 prosent.
Publisert: 25.03.2023 05:00
Sist oppdatert: 25.03.2023 00:19