Knut arild hareide skjermdump stortinget nett tv 11
LA FRAM PLANEN: Samferdsleminister Knut Arild Hareide (KrF) la fram transportplanen for Stortinget måndag. Foto: Skjermdump nett-tv Stortinget.no
Nytt

Følg debatten om transportplanen her

Stortinget diskuterer samferdselsplanen. Ålesundaren Per Espen Stoknes (MDG) har lagt fram heile 104 forslag i saka.

Marius Rosbach
14.06.2021

Stortinget diskuterer måndag Nasjonal Transportplan for åra 2022 til 2033.

Samferdsleminister Knut Arild Hareide var ved 13-tida ferdig med sin presentasjon av regjeringa sitt forslag, og debatten er dermed i gong.

Følg debatten på nett-tv her (ekstern lenke)

Ålesundar med 104 forslag
Det er ikkje eit reint fleirtal bak planen, og heile 372 enkeltforslag er lagt til saka. Eit endeleg vedtek vil difor truleg ikkje vere på plass før tysdag.

Av desse er heile 104 av forslaga sett fram av MDGs einslege svale på Stortinget, Per Espen Stoknes frå Ålesund.

MDG ønskjer seg i utgangspunktet ein heilt ny NTP der klima- og naturmål og vern av matjord blir overordna føringar for all transportplanlegging.

Raudt har 38 tilleggsforslag, medan Senterpartiet står bak 34.

Les inntillinga til komiteen her (ekstern lenke)

– Berre tomme løfte
På førehand varsla Frp at dei vil at det blir sett av pengar til ei rekkje konkrete samferdselsprosjekt.

– Utan forpliktande vedtak i Stortinget om å setje av pengar og antyde når prosjekta skal startast opp, blir Nasjonal transportplan berre tomme løfte frå dei andre partia, seier Bård Hoksrud, transportpolitisk talsperson i Framstegspartiet til NTB.

Men det punkterer heile ideen om å vedta ein heilskapleg transportplan, poengterer Hareide.

– Regjeringa har fått fleirtal for alt vi har foreslått i NTP. Så har Frp fremja forslag om ei rekkje – eg vil seie urealistiske – enkeltprosjekt, men ingen av desse vil det blir fleirtal for i dag, konstaterer han.

– Vi har lagt fram ein ambisiøs og realistisk NTP som vil definere samferdselspolitikken i åra framover, seier Hareide.

1200 milliardar til 2033
Transportplanen vil gjelde frå 2022 til 2033. Totalt har NTP ei ramme på drygt 1.200 milliardar kroner, og 123 milliardar er bompengar. Planen er den sjette i rekkja som Stortinget vedtek.

Regjeringa prøvde først å få til ein avtale med Frp, som i utgangspunktet kravde ein betrakteleg budsjettauke på 400 milliardar kroner, men det ville ingen av dei andre partia vere med på.

Publisert: 14.06.2021 13:09

Sist oppdatert: 14.06.2021 15:21

Mer om