Møreaksen montasje strynefjell riksveg 15 foto Illustrasjon rambøll wikimedia commons 11
SAMDE OM OPPSTARTE: Eit fleirtal på Stortinget går inn for at Møreaksen og ny Strynefjellestunnel blir starta opp i første periode av Nasjonal Transportplan. Foto:
Nytt

Startar bygging innan få år

Eit fleirtal på Stortinget går inn for å starte bygging av både Møreaksen og ny tunnel på Strynefjellet i første periode av transportplanen.

Marius Rosbach
08.06.2021

(NPK-NTB-NETT.NO-Bibiana Piene): Seint måndag blei Transportkomiteen på Stortinget klar med si innstilling til Nasjonal Transportplan.

'Stortingsfleirtalet vender Framstegspartiets vegbyggingsiver ryggen og går i store trekk inn for regjeringa sitt forslag. Etter forslag frå Høgre og Venstre blir totalramma auka med 5 milliardar kroner.

– Vi har fått brei tilslutning til ramma som regjeringa har lagt, og hovudprioriteringane. Det er vi godt fornøgd med, seier saksordførar Helge Orten (H) i transportkomiteen til NTB.

Les inntillinga til komiteen her (ekstern lenke)

Transportplanen skal behandlast i Stortinget måndag neste veke og vil gjelde frå 2022 til 2033. Totalt har NTP ei ramme på drygt 1.200 milliardar kroner, og 123 milliardar er bompengar. Planen er den sjette i rekkja som Stortinget vedtek.

Ein halv milliard til Strynefjellstunnel
For Nordvestlandet sin del, er ny riksveg 15 over Strynefjellet den største endringa frå forslaget regjeringa la på bordet tidlegare i år.

Her er det lagt inn ein halv milliard kroner til oppstart i første periode av planen. Fleirtalet i komiteen påpeikar at det er viktig at ny veg til Geiranger blir planlagd samtidig.

Andre store prosjekt som ligg inne i første periode, er oppstart for bygging av Møreaksen og ein fullfinansiert Stad skipstunnel.

Eksportvegen E136 mellom Vestnes og Dombås er lagt til selskapet Nye Veier, som skal prioritere ei utbygging ut frå sin portefølje.

Semje med Frp umogleg
Først måndag kveld, etter eit nesten fem timar langt møte, vart komiteen ferdig med innstillinga.

– Vi prøvde å få til ein avtale med Frp, men det var ikkje mogleg å få til ei heilskapleg løysing, seier Orten.

Frp kravde i utgangspunktet ein betrakteleg budsjettauke på 400 milliardar kroner, men det ville ingen av dei andre partia vere med på. I innstillinga blir kravet omtalt som eit «luftslott» med «urealistisk finansiering».

– Grisedårleg
Frp kritiserer på si side dei andre partia for ikkje å tore å satse.

– Vi hadde ikkje rekna med å få fleirtal for alle dei ekstra prosjekta våre, men at den andre opposisjonen nærast ikkje har ei einaste ekstra krone å løyve, er djupt skuffande, seier Frps samferdselspolitiske talsperson Bård Hoksrud.

Han meiner regjeringa knapt klarer å levere anna enn knappar og glansbilete med den nye transportplanen

– Dette kan ikkje seiast å vere anna enn grisedårleg, seier han.

Den raudgrøne opposisjonen – Ap, Sp og SV – kritiserer på si side regjeringa mellom anna for systematisk å nedprioritere kysten. Berre 3 prosent av totalramma er sett av til infrastrukturtiltak langs kysten, påpeikar dei.

Slik er dei 1.200 transportmilliardane fordelte - sjå oversikt

  • 520 milliardar til riksvegar
  • 52 milliardar i tilskot til fylkesvegar
  • 393 milliardar til jernbane
  • 33 milliardar til kystforvaltning
  • 80 milliardar til bytiltak
  • 5 milliardar til lufthamner
  • 3 milliardar til satsingar på tvers av transportsektorane


Ingen enkeltprosjekt

Men dei ulike prioriteringane blir ikkje tema når Stortinget stemmer over planen måndag.

– Det fine no er at det ikkje kjem til å bli stemt over enkeltprosjekt. Då hadde NTP berre vorte ei lang ønskeliste. No unngår vi det. Det har vore eitt av hovudmåla med planen, seier Orten.

Mot stemmene til regjeringspartia går likevel opposisjonen inn for at det skal utarbeidast ein nasjonal strategi for å sikre nok ladestasjonar for elbilar i 2022.

Alle partia er òg samde om at det skal utarbeidast ein nasjonal gjennomføringsplan for skredsikring av alle riks- og fylkesvegar.

– Bør skrotast
Samtidig inneheld innstillinga 173 ulike forslag frå mindretalet i komiteen. Det er ti gonger meir enn førre gong Stortinget behandla Nasjonal transportplan.

Eit politisk lappeteppe, meiner direktør Kjell-Olav Gammelsæter i Norske Havner, som meiner partitaktiske omsyn ligg bak på grunn av valet til hausten.

– Den regjeringa som sit etter valet, bør skrote planen og starte på nytt, seier han i ei pressemelding.

(©NPK)

Publisert: 08.06.2021 12:11

Sist oppdatert: 08.06.2021 14:17

Mer om