Havila Capella 2 ved Tersan
I TYRKIA: Havila Kystruten-skipet Havila Capella ligg framleis ved verftet i Tyrkia.
Nytt

Første skip på sjøen

Havila Kystruten sitt første skip har fått blåfargen på.

13.07.2021

Havila Capella ligg framleis ved Tersan Shipyard, men skipet er kome på sjøen etter å ha blitt å blitt måla i fargane til Havila Kystruten. Posisjonen er registrert og kan følgjast i Marine Tracker.

Opphavleg skulle fartøyet vere klart i starten av 2021 og vere eitt av fire passasjer- og godstransportskip Havila Kystruten skal segle i rute mellom Bergen og Kirkenes.

Forseinking på forseinking
Havila Kystruten skal drive med fire skip. Opphavleg skulle to byggast i Spania og to i Tyrkia, med det spanske verftet greidde ikkje å halde tidsplanen og fekk store økonomiske vanskar.

Til slutt blei all bygging flytta til Tyrkia, men summen av vekt- og stabilitetsproblem, koronarestriksjonar og forseinkingane i Spania gjer at bygginga i Tyrkia også er forseinka.

Klar i tredje kvartal
Havila Kystruten og Hurtigruten ASA vann kvar sin del av anbodet om å drive kystrutesambandet i siste utlysningrunde.

Avtalen var at Havila Kystruten skulle vere klar 1. januar i år, koronarestriksjonane både i Noreg og internasjonalt har gitt lite reising. Det har gjort at styresmakten har lempa på kravet om når Havila Kystruten skal sette skipa i drift.

Per i dag er avtalen med staten av eitt skip skal vere i trafikk i løpet av 3. kvartal i år og eitt i løpet av 4. kvartal.

Vil på børs
I
førre veke varsla Havila Kystruten at selskapet vil hente inn mellom 450 og 500 millionar kroner i ny eigenkapital gjennom ei privat plassering. Eitt av vilkåra er at dagens eigar, Sævik- familien, skal eige over 50 prosent i kapitalutvidinga.

Fristen for å teikne seg som investor gjekk ut i dag klokka 16:30.

Publisert: 13.07.2021 16:43

Sist oppdatert: 14.07.2021 08:30

Mer om