Energy Scout ved Green Yard Kleven foto Green Yard Kleven 11
NYTT OPPDRAG TIL KAI: Onsdag kom blei Ålesund-skipet Energy Scout ønska velkomen til kai ved skipsverftet. Foto: Green Yard Kleven
Nytt

No skal PSV-en gjerast klar for nye oppdrag

Offshoreskip frå Ålesund til kai ved Kleven.

Marius Rosbach
20.04.2022

Plattformforsyningsskipet Energy Scout kom onsdag til kai ved Green Yard Kleven. No skal skipsverftet i Ulstein gjere tilpasningar og vedlikehald av skipet, som skal ut i oppdrag.

I førre månad melde Golden Energy Offshore Services at dei tek skipet ut av opplag. Det 2005-bygde skipet er leigd ut til ein "first class international operator", heite det i børsmeldinga.

Energy Scout har vore i opplag i kring 16 månader og med dette oppdraget får Ålesund-reiarlaget alle sine fartøy i arbeid. Fram til 4. kvartal i år er utnyttingsgraden for dei fire fartøya tilsaman på 90 prosent.

Opptur på børs i år
Kursen til Golden Energy-aksjen på Oslo børs har stege kraftig så langt i år, med ein auke på meir enn 50 prosent. Saman med andre offshorereiarlag, har dei vore mellom børsvinnarane i nordvest så langt i år.

Den siste månaden har kursen falle litt tilbake, og børsverdien på selskapet er framleis på beskjedne 67 millionar. Onsdag blir aksjen handla for 1,30 kroner.

Om spådommen til analytikar Tor Allen Winding i Fearnley Offshore Supply

slår til, kan reiarlaget vente seg meir oppgang framover. Til E24.no tysdag spådde Winding at Ukraina-krigen ville føre til auka etterspurnad etter skipa frå offshorereiarlaga.

Publisert: 20.04.2022 13:32

Sist oppdatert: 20.04.2022 14:25

Mer om