Håpar å vere ferdig med Tersan-strid
Millionkrangel i kjølvatnet av innreiingsjobben til konkursråka selskap er truleg over.
Etter at Langsten-selskapet Las As har meldt oppbod, er det lite truleg at det blir noko av rettssaka der tyrkiske Tersan krev fleire titals millionar kroner.
Bustyrar Erik Rolfsen opplyser til Nett No at buet kan tre inn i saka om dei ønsker. Førebels har han ikkje teke stilling til spørsmålet, men det er svært sjeldan at det skjer.
– Eg trur og håpar at vi er ferdige
Styreleiar Leif Magne Langset i Las As har tidlegare gitt klart uttrykk for at han meiner heile saka er «meiningslaus» og at det ikkje er noko verdiar å hente.
– Eg trur og håpar at vi er ferdige med saka no. Vi har forsøkt å vere imøtekomande heile vegen og samtidig stått på det vi meiner er rett, seier Langset til Nett No.
Las As er eigd av Langset-familien, men det er ikkje lengre drift i selskapet – og har ikkje vore ein del av Langset Group – som for tida har solide ordrebøker.
Les også
Usamde om betaling for Kystruten-oppdrag
Søksmålet frå selskapet Tersan Tersanecilik Sanayi ve Ticaret mot Molde-selskapet, har bakgrunn i innreiingsoppdraget Norwegian Marine Interior (NMI) hadde på Havila Kystruten-skipa i Tyrkia.
Undervegs rauk partane uklare om betalinga.
Striden har allereie vore ei runde i retten for å avklare korleis ein garantiavtale med morselskapet skulle tolkast.
Etter at NMI melde oppbod, blei kravet retta mot eigarselskapet Las As – som altså gjekk til skifteretten førre veke. Ifølgje rettspapira hadde selskapet gjeld på kring 11 millionar kroner – og knapt verdiar.
Store krav og motkrav
Rettssaka var planlagd å gå over tre dagar i tingretten i Molde frå 23. april.
Det opphavlege kravet var på kring 75 millionar kroner, men i sluttinnlegget frå Tersan-selskapet er kravet no halvert til 3,2 millionar euro – om lag 37 millionar kroner.
Det høyrer med til historia at NMI meinte dei hadde motkrav som oversteig kravet frå det tyrkiske verftsselskapet.
Men om Molde-selskapet skulle gjort det kravet gjeldande, måtte det skjedd ved ein domstol i den ukrainske hovudstaden Kyiv. Grunna Russlands invasjon av landet, er det naturleg nok ikkje mogleg.
Publisert: 16.04.2024 05:00
Sist oppdatert: 16.04.2024 01:02