Kleven debeljak oma foto marius skjermfoto
KLEVEN: Tomislav Debeljak (t.v.) kort tid etter at verftsselskapa hadde bestemt seg for å melde oppbod. Til høgre dommar Arild Oma som leiar ankesaka i Gulating lagmannsrett. Foto: Marius Rosbach/skjermfoto
Nytt

– Kan ikkje godkjenne den type åtferd

Bustyret meiner tingretten gjorde feil då dei frifann den tidlegare Kleven-eigaren.

Marius Rosbach
13.01.2025

Advokatane til bustyret etter Kleven-konkursane meiner den tidlegare verftseigaren oppførte seg på ein måte som er «langt, langt, langt utover det ein kan kalle eit kommersielt skjønn». 

Det sa advokat Filip Truyen på vegner av saksøkjarane i sitt innleiingsforedrag måndag. 

Alt om søksmålet - få oversikt her

Den kroatiske forretningsmannen Tomislav Debeljak står saksøkt i ankesaka, saman med forsikringsselskapet Tryg. 

Denne gongen er det Gulating lagmannsrett som skal ta stilling til spørsmålet – etter at konkursbuet tapte i tingretten og anka.

Saksøkjarane si side meiner Debeljak handla aktlaust i leiinga av dei norske verftselskapa - og at dette var den direkte årsaka til at bankane sa opp avtalane sine

Han må difor personleg må bære ansvaret for tapa på nær 136 millionar kroner. 

– Debeljak valde ein bevisst konfrontasjonsstrategi for korleis han ønska å forvalte selskapet, sa advokaten.

– Han tek ei kalkulert og uforsvarleg risiko. Av og til går det galt, og denne gongen slo det feil, sa advokaten.

I retten måndag kom advokat Truyen inn på kva han meiner er feil med tingretten sin dom. 

Medan tingretten enkelt sagt meinte at handteringa til kroaten var innafor handlingsrommet han hadde som bedriftseigar – medan konkursbuet er usamd i dette. 

– Han tek ein stor risiko som er totalt motstridande med korleis ein skal forvalte og styre eit norsk aksjeselskap, la han til. 

– Kjernen i saka slik denne side ser det, er at ein kan ikkje godkjenne den type åtferd, la advokaten til. 

Kjernen i saka slik denne side ser det, er at ein kan ikkje godkjenne den type åtferd
Filip Truyen

Ein manglande innbetaling av arbeidskapital på 55 millionar i samband med eit oppdrag om å ferdigstille eit fartøy, er mellom dei sentrale handlingane buet peiker på. 

Buet viser også til at det ikkje blei halde styremøte, at bankane sine åtvaringar blei ignorrte og at Kleven under Debeljak si leiinga systematisk misleghaldt avtaler med leverandørar.

I tingretten fekk bankane i stor grad skulda for konkursane, og den meinte det ikkje vart gjort sannsynleg at oppførselen til Debeljak var aktlaus på ein slik måte at det medførte erstatningsansvar. 

Dei saksøkte hevda i tingretten at buet hadde bomma på jussen i saka, og avviste at det i det heile var grunnlag for å gå til sak.

Det er venta at saksøkar si side held fram med sitt innleiingaforedrag måndag. Tysdag etter lunsj startar etter planen dei saksøkte sine advokatar sitt innleiingsforedrag som også går onsdag. 

Publisert: 13.01.2025 11:07

Sist oppdatert: 13.01.2025 15:00

Mer om