Arne Tande Robotek 2024 foto Marius
BRATTVÅG: Arne Tande har ikkje tenkt til å gi seg med teknologiseminar i Brattvåg. Måndag inviterte han til den 10.årgangen av Robotek, som truleg har ny form når seminaret går av stabelen til neste år. Foto: Marius Rosbach
Nytt

Har ein plan for «Robotek 2»

Arne Tande (74) har vore primus motor for teknologiseminaret i ti år. No håpar han på nye krefter.

Marius Rosbach
29.10.2024

Måndag blei det tiande Robotek-seminaret arrangert ved Ingebrikt Davik-huset i Brattvåg. 

Staden har vore den einaste møteplassen for teknologiinteresserte i regionen, som har sett nye produksjonsmetodar høgst på agendaen. 

Arne Tande har vore primus motor for Robotek gjennom ti år – og påpeiker at han ikkje har tenkt til å pensjonere seg og flytte til Spania. I staden har han fått seg el-sykkel. 

– Så lenge eg er frisk og rask, så held eg fram, seier han til Nett No.

Likevel er det sett i gong ein prosess som truleg endar med at Robotek tek ein anna form framover. 

– Vi har ein plan. Og om den planen blir gjennomført, er det nokon som kjem inn og tek dette vidare i ein eller anna form, fortel Tande etter at årets arrangement har gått av stabelen.

– Eigarane er interesserte, og folka og bedriftene som har vore her er interesserte, i at vi skal halde fram med seminaret, legg han til. 

– Håpar at det kjem inn litt andre krefter
Tande strekar under at det er for tidleg å seie noko sikkert om kva dei landar på. 

– Det er to alternativ. Det eine er at vi held fram med seminar, men med mindre bemanning i Robotek As. Eller så held vi fram som «Robotek 2», seier han. 

Tande håpar løysinga dei endar på, skal gjere at dei får tilført breiare kompetanse inn i Robotek As. 

– Vi tenker drifte Robotek på ein litt anna måte, og håpar at det kjem inn litt andre krefter, legg han til. 

Vi tenker drifte Robotek på ein litt anna måte, og håpar at det kjem inn litt andre krefter
Arne Tande
Inger Synnove Remme robotek 2024 foto Marius
NÆRINGSSJEF: Inger Synnøve Remme er næringssjef i Haram kommune og meiner Robotek er ein viktig møteplass. Foto: Marius Rosbach

Næringssjef Inger Synnøve Remme i Haram kryssar fingrane for at Robotek held fram.

– Robotek har vore ein viktig møteplass. Det er spennande foredrag frå både lokale, nasjonale og internasjonale deltakarar, også får vi ein arena som eg meiner er viktig for å utvikle industrien vår vidare, seier ho til Nett No. 

Remme meiner også kommunen bør hjelpe til med å legge til rette for at miljøet får eit vidare liv i den «gjenoppståtte» Haram-kommunen.

Har drive både framsnakking og forsking 
Å framsnakke nye produksjonsmetodar som 3D-printing og automatisering har vore eit av siktemåla bak etableringa av Robotek. 

Selskapet har i tillegg til å være møteplass-arrangør, vore eit utviklingsselskap med forskingsprosjekt finansiert av offentlege midlar.

Samtidig har det vore jobba med å utvikle slike metodar i samarbeid med bedrifter i regionen. Eit produksjonsmiljø i Brattvåg har det likevel ikkje blitt noko av.

Alternativet framover kan vere at berre seminaret blir teke vidare, og at Robotek-selskapet får ei rolle som er skalert ned. I 2023 hadde selskapet to årsverk. 

– Vi treng ikkje mange personar. Den dagen vi har ei ordre, så har vi samarbeidspartnarar som kan gjere jobben. Det er billigare for kundane våre enn at vi skal drege på oss kostnader. Så går vi til den vi meiner er best til å gjere jobben, seier Tande. 

Robotek 2024 salen foto Marius
TEKNOLOGISEMINAR: Det finske selskapet Fastems var blant årets deltakeren på Robotek-seminaret. Foto: Marius Rosbach

Auka bruk av 3D-printing
Tande ser at auka i bruken av metodar som 3D-printing, går hand i hand med heimflagging hos fleire bedrifter, også på Nordvestlandet. 

– Tida er der og fleire tek heim produksjonen i staden for kostnadene med frakt og for miljøet. Ikkje minst det å ta inn eit produkt til reparasjon som er laga langt vekke. Det har meir merksemd hos bedriftene no, seier han. 

Samtidig peiker han på at det er stort behov for kunnskap og folk med rett kompetanse ute i bedriftene – spesielt hos dei små og mellomstore. 

Kongsberg Maritime som har tatt i bruk 3D-printing av deler, var blant dei lokale bedriftene som delte sine erfaringar under årets seminar. 3D-printing av reservedelar om bord på skip til havs er blant moglegheitene. 

Publisert: 29.10.2024 13:28

Sist oppdatert: 29.10.2024 15:12

Mer om