Studentar ntnu automasjon foto marius 11
ETTERTRAKTA: Førsteamanuensis Adam Leon Kleppe (midten) saman med fleire av studentane på Robotek-seminaret. Frå venstre elles: Victor Ottosen, Mahamed Ahmed, Henning Hestnes, Kristoffer Ulvahaug, Thomas Skar og Fredrik Melum Lund. Foto: Marius Rosbach
Nytt

– Studentane våre er veldig ettertrakta

Automasjon og kunstig intelligens er høgaktuelt i næringslivet. Snart kjem nytt masterstudie i Ålesund.

Marius Rosbach
29.10.2023

I løpet av det siste året har kunstig intelligens kome på «alle sine lepper», og mange har fått auga opp for kva fordelar det kan by på for næringslivet.

Ved automasjonsutdanninga ved NTNU i Ålesund har dei jobba med temaet i meir enn 20 år, kunne førsteamanuensis Adam Leon Kleppe fortelje då han deltok på Robotek-seminaret før helga.

Han kunne også opplyse at NTNU i Ålesund startar eit nytt masterstudie i automasjon neste år.

– Vi har ikkje masterstudie i automasjon i Møre og Romsdal i dag. Og det trengst, seier han til NETT NO.

– Vi ser ofte at studentar tek ein bachelorgrad hos oss, også vil dei gå vidare på master og dreg gjerne til Trondheim. Der blir dei ofte verande, og kjem ikkje tilbake hit til regionen, legg han til.

Masterstudiet vil også omfatte mekatronikk. Det er ein tverrfagleg disiplin, som mellom anna kombinerer mekanikk, elektronikk og datateknikk.

Vi har ikkje masterstudie i automasjon i Møre og Romsdal i dag. Og det trengst
Adam Leon Kleppe

– Er tett på industrien og næringslivet
Studentane ved automasjonsutdanninga i Ålesund er populære på arbeidsmarknaden. Kleppe fortel at det ikkje nyttar å komme i mai for å rekruttere ferdig utdanna automasjonsingeniørar.

– Du må starta tidlegare om du skal klare å rekruttere studentane våre, seier han.

– Studentane våre er veldig ettertrakta. Det har mellom anna å gjere med at vi er tett på industrien og næringslivet. Det gjer at resultatet blir bra, legg han til.

Trekk fram fleire fordelar med Ålesund
Han trekk fram storleiken på studiegruppene som eit anna pluss for Ålesund.

– Med klasser på 40-50 personar får vi betre kontakt med studentane, enn på større studieplassar, der det kanskje er 100 til 200 studentar, seier han.

Også samansetninga av studentar er ein styrke for utdanninga. Han fortel at kring halvparten av studentane deira har yrkesfagleg bakgrunn frå fagskulen og den andre halvparten frå vidaregåande utdanning.

– Når desse kjem saman så bygger dei kvarandre gode, seier han.

Rår bedrifter til å involvere seg
Kleppe opplever at næringslivet på Sunnmøre gjerne vil samarbeide med instituttet.

– Nokre er ivrige etter å få deira teknologi inn i studiet, medan andre vil samarbeide med studentane, fortel han.

Han rår bedrifter som er ute etter kompetansen til studentane, om å involvere seg i livet på campus. Ved å halde bedriftspresentasjonar, eller kome med konkrete oppgåver, kan dei knyte kontakt med studentar som er fagleg oppdatert på den nyaste kunnskapen.

Studentane kan til eksempel hjelpe bedrifter til å utforske moglegheitene med ny teknologi. Eller dei kan sjå på idear som av ei eller anna årsak ikkje er blitt gjort noko med.

Kan vere krevjande å lukkast
Kleppe er ikkje i tvil om at mange bedrifter kan ha stor nytte av kunstig intelligens.

– Kunstig intelligens er kraftfulle verktøy, men det finst fortsatt enklare metodar, minnar han om.

Poenget hans er at mange utfordringar kan løysast med mindre avansert - og kostbar teknologi.

For det kan vere krevjande å lukkast. Først trengst betydelege mengder data som er strukturert på rett vis. Deretter treng ein gjerne å investere i datasenter, eller leige av datakraft.

Han påpeiker at ikkje alle bedrifter har lagra nok data til at ein kan ta i bruk kunstig intelligens.

– Men om ein startar å logge dataen no, så kan ein begynne å trene ein KI om nokre år, legg han til.

Samarbeid kan vere god løysing
Samarbeid bedrifter imellom – eller med utdanningsinstitusjonar som NTNU – kan være ein god måte for selskap å gjere nytte av verktøya, utan at det krevst store investeringar.

I konkurransen på ein global marknad, er også automasjon blitt avgjerande i mange bransjar.

– Automasjon er viktigare enn nokon sinne for at vi skal kunne klare å konkurrere på den store verdsmarknaden, meiner Kleppe.

Ikkje alle må kunne teknologien
Han meiner det trengst eit kompetanseløft på kunstig intelligens, men påpeiker at ikkje alle treng å lære seg teknologien.

Førsteamanuensisen samanliknar situasjonen med korleis kunnskapsnivået om internett har utvikla seg. Sjølv om ikkje alle veit korleis teknologien fungerer, har dei fleste lært seg at ein ikkje skal trykke på lenker i e-postar ein får frå framande som til eksempel tilbyr store pengebeløp.

– Det er ikkje alle som treng å vere nede i detaljane på alt det tekniske, men vi bør ha ein vist nivå av kunstig intelligens-vett, der vi til eksempel kan gjere ei vurdering om det som blir fortald er sant, fortel han.

Publisert: 29.10.2023 05:00

Sist oppdatert: 29.10.2023 02:41

Mer om