Davi Turbo satsar i utlandet 10d736c24b54623aee7c17f28e13399c
VEKST: Roger Kaldhol og Davi Turbo med god vekst. Foto: Kjetil Haanes
Nytt

Har passert 100.000 turbodelar

Davi Turbo har bygt opp eit stort lager. Det vert det god butikk av.

09.03.2023

- I helga var det eit norsk lasteskip som låg i Gdansk og mangla fleire vitale delar. Dei einaste som kunne levere var oss her på Leinøya. Dei sende eins ærend ein bil frå Polen for å hente delane.

- Dette illustrerer godt kva posisjon vi har fått.

Det seier dagleg leiar Roger Kaldhol i Herøy-selskapet han starta opp i 2011.

Selskapet driv med service og reperasjon av turboladarar på alle fartøy frå sjark til mindre tankskip, i tillegg til at ein også leverer til landbaserte anlegg.

- Vi har bygt oss målretta og gradvis opp, og har no rundt 2.000 kvadratmeter med over 100.000 delar på pallar.

Svensk oppkjøp
Hovudbasen er på Leinøya, men ein har lager elleve stader i Skandinavia, blant anna i Lysekil etter at Davi Turbo i 2019 kjøpte opp alle aksjane i konkurrenten Perssons Maskinservice.

Fjoråret vart eit godt år for Davi Turbo, med 26,6 millionar kroner i driftsinntekter og eit resultat før skatt på 3,9 millionar.

- Vi fekk ein liten dett under pandemien, men no er vi tilbake der vi bør vere.

- Starten på 2023 lovar også godt, seier Kaldhol.

Davi Turbo
Årsresultat (i mill kr) 2022 2021
Driftsinntekter 26,6 21,7
Driftsresultat 4,3 3,6
Resultat før skatt 3,9 3,4

Kvalitet
I dag er det 12 tilsette i selskapet. Kaldhol seier at målet ikkje er å vekse for einkvar pris.

- Nei, det viktigaste er å satse på kvalitet og kunne levere raskt.

- For ein del kundar tek vi direkte kontakt og sjekkar kva delar dei vil kome til å trenge, slik at dei veit at vi kan levere.

Selskapet har ein eigenkapital på 4,5 millionar kroner og ei langsiktig gjeld på 4,2 millionar.

Roger Kaldhol eig 80 prosent av Davi Turbo, medan Mats Bergrud Sundbø frå Skien eig 20 prosent. Dei kan no fordele eit utbyte på 4,0 millionar kroner for fjoråret.

Publisert: 09.03.2023 13:31

Sist oppdatert: 20.03.2023 13:43

Mer om