Har signert avtale om hydrogenfabrikk
Skal lage grøn hydrogen på Hellesylt frå slutten av neste år.
Selskapet Norwegian Hydrogen har signert ein avtale med tyske Fast om levering av hydrogenfabrikk på Hellesylt i Stranda.
Det opplyser selskapet i ei pressemelding måndag ettermiddag.
– Kontrakten er ein viktig milepåle for Hellesylt Hydrogen Hub-prosjektet og vil sikre at Norwegian Hydrogen kan levere våre kundar med grøn hydrogen innan fjerde kvartal i 2023, uttalet prosjektleiar Andreas Wenaas Østigård i meldinga.
1300 kilo dagleg
Hellesylt-fabrikken skal ha kapasitet til å lage 1300 kilo hydrogen dagleg ved hjelp av eit konteinerbasert anlegg.
Anlegget som vil vere det første til Ålesund-selskapet, skal også nytte varmen frå produksjonen til Flakk-hotellet som skal byggast rett ved. Oksygenet vil nyttast i landbasert oppdrettsanlegg, ifølgje Østigård.
Kva er grøn hydrogen?
For utslippsfri produksjon av hydrogen, sokalla grøn hydrogen, er elektrolyse den vanlegaste produksjonsmetoden. Det er ein prosess der straum brukast til å spalte vannmolekyler til hydrogen- og oksygengass.
Hellesylt Hydrogen Hub blei starta i 2019 for å utvikle hydrogenproduksjon tett ved verdsarvområdet med Geirangerfjorden.
Fabrikkplanar også på Sjøholt
Norwegian Hydrogen har ein rekke prosjekt på gong, både i Norge og utlandet. Ålesund-selskapet har mellom anna planar om ein større fabrikk for hydrogen ved Sjøholt, som etter planen skal stå klar året etter Hellesylt-fabrikken.
Nyleg kom dei også med nyheita om eit samarbeid med japanske Mitsui og amerikanske Firstelement Fuel, om å bygge ut hydrogenstasjoner i Norden.
Flakk-familien i Ålesund er største eigar i Norwegian Hydrogen, men også Hofseth International og Tafjord Kraftproduksjon er mellom aksjonærane.
Publisert: 23.05.2022 17:38
Sist oppdatert: 24.04.2023 09:43