Hareid montasje bernt brandal foto marius 11
SENTRUMSUTVIKLING: Ordførar Bernt Brandal gler seg over at Hareid får tilgang til meir statleg draghjelp for å legge til rette for næringslivet. Hareid har mellom anna laga miljøgate i sentrum for å gjere plassen meir attraktiv. Foto: Marius Rosbach
Nytt

Hareid-ordføraren: – Utruleg positivt

Fleire kommunar på Nordvestlandet kan få fordelar som lågare arbeidsgivaravgift. Det utgjer fort millionar for bedriftene.

Marius Rosbach
15.12.2021

EFTAs overvåkingsorgan, ESA, godkjende nyleg eit såkalla regionalstøttekart der 11 nye områder er kome inn.

Mellom de i nye områda er Hareid og Sykkylven kommunar, i tillegg til Hustadvika og Aukra.

– Eg synes dette var utruleg positivt, seier Hareid-ordførar Bernt Brandal til NETT NO.

Han er spent på kva fordelar kommunen vil oppnå, og håpar mellom anna på lågare arbeidsgivaravgift.

– Det kvalifiserer til fleire støtteordningar innanfor verkemiddelapparatet, mellom anna Regionale tilskot frå Innovasjon Norge. Samtidig må ein vere inne på dette kartet for å få differenisert arbeidsgivaravgift, legg han til.

Sykkylven-bedrifter spare 75 mill.
Regjeringa kan gi lågare arbeidsgjevaravgift til visse område ut frå kor grisgrendte kommunane er, eller om det er andre utfordringar - som eit einsidig næringsliv.

Sykkylven kommune blir frå årsskiftet flytta frå sone 1 til 2. I staden for 14,1 prosent i arbeidsgjevaravgift, slepp bedriftene i kommunen unna med å betale 10,6 prosent.

Endringa utgjer betydelege beløp og anslag viser at bedriftene på møbelkommunen ligg an til å spare 75 millionar kroner dei neste fire åra.

– Må nytte alle moglegheiter
Hareid-ordføraren ønsker sin kommune inn i same sone som Sykkylven, og har teke kontakt med både statsforvaltar og med sin kollega i Sykkylven om saka.

– Hareid ligg høgt på arbeidsløysestatistikken, men det skjer også mykje positivt i kommunen. Vi har til eksempel god belligenheit mot arbeidsmarknaden både nord for oss og på søre Sunnmøre. Samtidig må nytte alle moglegheiter til å utvikle våre eigne bedrifter, fortel Brandal.

Fleire kommunar inn på kartet
I tillegg til Hareid og Sykkylven, kjem Hustadvika og Aukra inn på regionalstøttekartet frå årsskiftet.

For første gong har ESA også godkjent at delar av ei kommune blir inkludert. Det gjeld dei delane av Molde kommune som tidlegare utgjorde Misund og Nesset kommunar.

Elles i landet er Aurskog-Høland, Flesberg, Bamble, Iveland, Bjerkreim, Austrheim og Bømlo nye kommunar på kartet.

I ei pressemelding opplyser regjeringa at dei i løpet av kort tid vil godkjennede ordninga med ulike arbeidsgivaravgift i tråd med det nye kartet.

Podium

E13/S2 Hvordan vil ny regjering påvirke næringslivet i regionen?

Publisert: 15.12.2021 14:30

Sist oppdatert: 15.12.2021 14:02

Mer om