Drosje taxi foto kjell brataas samferdselsdepartementet 11
300 MILLIONARS-KONTRAKT: Konkurransen om kven som skal stå for pasientkøyringa på søre Sunnmøre, i Romsdal og på Nordmøre dei neste fire åra blir behandla av Klageorganet for offentlige anskaffelser.Illustrasjonsfoto: Kjell Brataas/Samferdselsdepartementet
Nytt

Hastebehandling av drosjestrid

Kampen om 300-millionarskontrakten for pasientkøyring i store deler av Møre og Romsdal blir snart avgjort.

22.04.2022

Klageorganet for offentlige anskaffelser, KOFA, har sett saka på hastelista. Det skjedde etter at Helse Midt-Norge ombestemte seg, og valde å vent med å signere avtale med selskapet Persontransport 1 til KOFA har handsama klagen frå konkurrenten Nordvest Taxi.

Striden står om kven som skal stå for køyring av pasientar på søre Sunnmøre, i Romsdal og på Nordmøre i den komande fire-årsperioden, ein kontrakt i 300-millionarklassen.

Ei avgjerd er klar i måndasskiftet mai/juni i år, ifølgje KOFA.

Nyskipa selskap
I anbodskonkurransen gjekk det nyskipa selskapet Persontransport 1 av med sigeren.

Bak Persontransport 1, står blant andre Arild Røder og Bjørn Helge Raknes. Raknes er dagleg leiar og eigar av Turbilane as i Sula kommune, Røder er dagleg leiar og eigar av Ålesund Turvogn Service.

Nordvest Taxi, som har oppdraget i dag, meiner Persontransport 1 ikkje var kvalifisert til å delta i anbodskonkurransen, og gjekk til retten for å få eit mellombels forbod mot at Helse Midt-Norge signerte avtalen med Persontransport 1 inntil KOFA har handsama ei klage på tildelinga.

Tingretten gav Nordvest Taxi medhald, men Helse Midt- Norge anka og lagmannsretten konkluderte motsett av tingretten. Med den kjennelsen hadde Helse Midt-Norge klarsignal for å signere med Persontransport 1, men det vart ikkje gjort.

Nordvest Taxi er eit samarbeidsselskap, oppretta for å køyringa av pasientar, med fleire taxi-selskap på Nordvestlandet som eigarar.

Vil vente
Helse Midt-Norge brukte til saman cirka 289.000 kroner på advokatar i samband med rettsakene i tingretten og lagmannsretten, ifølgje helseforetaket.

Her er spørsmål og svar i ei epost-utveksling mellom Helse Midt-Norge og NETT NO:

NETT NO: Kva er grunnen til at Helse Midt-Norge no vil vente på Kofa-avgjerd, etter å først ha anka ein kjennelse frå tingretten som påla Helse Midt-Norge å vente på Kofa?

Helse Midt-Norge: Vi tror det kan være hensiktsmessig for alle parter å høre vurderingen fra Kofa først.

NETT NO: Takk for svar, men det er likevel ikkje eit svar på kvifor Helse Midt-Norge har endra syn. Helse Midt-Norge betalte advokatar for å fremme det motsette synet i retten.

Helse Midt-Norge: Det er det svaret vi har til deg, altså at vi tror det kan være hensiktsmessig for alle parter å høre vurderingen fra Kofa først. Vi har ingen kommentar til saken utover dette.

Publisert: 22.04.2022 15:30

Sist oppdatert: 26.04.2022 09:57