Helse Midt-Norge set taxi-kontrakt på vent
Vil vente med å signere 300-millionarsavtale om pasientkøyring til klage er behandla.
Etter å ha vunne fram i retten snur Helse Midt-Norge likevel i striden rundt kven som skal få køyre pasientar på søre Sunnmøre, i Romsdal og på Nordmøre.
Det nyskipa selskapet Persontransport 1 vann anbodskonkurransen for den komande fireårsperioden, i konkurranse med Nordvest Taxi, som har oppdraget i dag. Til saman er det eit oppdrag på rundt 300 millionar kroner.
Nordvest Taxi meiner Persontransport 1 ikkje var kvalifisert til å delta i anbodskonkurransen, og gjekk til retten for å få eit mellombels forbod mot at Helse Midt-Norge signerte avtalen med Persontransport 1 inntil KOFA, Klageorganet for offentlege anskaffelser, har handsame ein klage på tildelinga.
Vil vente likevel
Nordvest Taxi fekk medhald i tingretten, men Helse Midt-Norge anka til lagmannsretten. Lagmannsretten gav Helse Midt-Norge medhald i at det ikkje er naudsynt å vente på klagehandsaminga i KOFA.
No vil Helse Midt-Norge vente på klagehandsaminga i KOFA likevel. Det betyr at Nordvest Taxi kan halde fram med pasientkøyringa inntil vidare.
"Styringsgruppa har besluttet å avvente kontraktsinngåelse til etter avgjørelse i KOFA. Helse Midt-Norge RHF vil be om at samtlige tilbydere forlenger vedståelsesfristen for tilbudene. Det forutsettes at gjeldende avtaler forlenges til nye avtaler er operative.", skriv Helse MIdt-Norge i ein epost på NETT NO.
E-posten er eit svar på spørsmål frå NETT NO om framdriftsprosessen for kontraktsinngåinga.
Nyetablert selskap
Persontransport 1 er eit nyetablert selskap, førebels utan eigne bilar.
Bak Persontransport 1, står blant andre Arild Røder og Bjørn Helge Raknes. Raknes er dagleg leiar og eigar av Turbilane as i Sula kommune, Røder er dagleg leiar og eigar av Ålesund Turvogn Service.
Publisert: 05.04.2022 12:50
Sist oppdatert: 05.04.2022 21:13