Daniel garden Pierre Mathieu Duhamel foto Anne Marthe Berge 11
AMBASSADØR-BESØK: Klyngeleder Daniel Garden (t.h.) på ÅKP fekk mellom anna besøk av den franske ambassadøren Pierre-Mathieu Duhamel på Campus Ålesund. Foto: Anne Marthe Berge
Nytt

Fann tonen med fransk besøk

Allereie ved første møtet mellom dei to maritime klyngene vart det etablert nye samarbeid.

Marius Rosbach
29.11.2021

Før helga var elleve bedrifter frå den franske maritime klynga på besøk på Sunnmøre.

Turen blei arrangert med Business France og Fransk-norsk Handelskammer og eit treff med bedrifter frå Nordvestlandet på ÅKP i Ålesund stod på programmet.

Besøkte Ålesund og Ulsteinvik
Klyngeleder Daniel Garden i GCE Blue Maritime Cluster fortel at bedriftene frå den franske klynga og klynga på Nordvestlandet har felles interesse av å bli betre kjent.

– Ein del av dei franske bedriftene hadde spennande ting å vise fram, og eg trur nok franskmennene også opplevde at dei fekk høyre interessante ting frå bedriftene i vår klynge, fortel Garden til NETT NO etter besøket.

Den franske delegasjonen besøkte også Skaparhuset i Ulsteinvik og Ulstein Group, saman med Maritim Foreining for Søre Sunnmøre (MAFOSS).

Match ved første møte
Både NTNU og klasseselskapet DNV GL, i tillegg til ein rekke verft, reiarlag og utstyrsleverandørar var invitert til å treffe franskmennene.

Garden fortel det fransk-norske møtet mellom bedriftene, allereie frå første stund bar frukter.

– Nokre fann kvarandre med ein gong og var konkrete på at dei skulle innleie ein form for samarbeid. Andre fekk vite at det var andre leverandørar dei truleg måtte kontakte først, men at dei ville komme tilbake til kvarandre, fortel Garden.

Har felles marknader
Klyngeleder fortel at dei mellom anna fekk presentert spennande prosjekt frå den franske klynga om mindre hurtiggåande katamaranfartøy til bruk i byområde.

– For franskmennene er det interessant å høyre om drifta av elferjer, som er eit område der Norge er langt framme, påpeiker han.

I løpet av dei siste åra har den maritime industrien i Norge snudd seg mot cruise, og Garden påpeiker at Frankrike er store i denne marknaden.

– Dei bygger også skip for fiskeri og forsking, i tillegg til utbygging av havvind, der Frankrike satsar stort, legg han til.

Norske bedrifter på «gjenbesøk»
Garden fortel det allereie er under planlegging eit tilsvarande besøk av bedrifter frå klynga på Nordvestlandet, til Frankrike.

– Då legg franskmennene til rette eit liknande opplegg, slik at vi kan lære av den maritime bransjen der nede, seier han.

Publisert: 29.11.2021 07:04

Sist oppdatert: 29.11.2021 07:40

Mer om